Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Minne frå skuletida 
Forfatter: Kari Hatlevik

Den som vil vere med ein tur attende til den skulen eg hugsar, lyt vere med meg heimatt i Haugsdalen, setje treskona av seg i gongen og fylgje meg opp på "nore lemmen". Det var der det føregjekk - på den tid: Rommet er bra stort - med to smårutete vindaugo. Ned frå taket heng der ein oljelampe- med gråmalt skjerm. 

Skulen er to-delt, så det er fleire årsklassar som går saman. Det er største klassen sin dag, og me må sjå litt på kva dei har å hjelpa seg med i undervisninga. Det heng ein stor kartrull på den eine veggen og ei lita firkanta tavle på den andre. Landkunne er ei viktig lekse å lære. Då må den som vert spurd fram til kartet og med peikestokken finne stadane det står om i leksa, peike og forklare. 

Det gjeld å ha lese godt på leksa ! Bort i ei krå tår "skulekista". Der står "HAUGSDAL SKULE" påmalt med store, kvite bokstavar. Kista inneheld ymse slag skulemateriell, og så SKULEPROTOKOLLEN! Der står det ALT om kvar elev: Kor godt dei kan leksene sine, korleis dei oppfører seg-, og om skulk. Lenger borte står ein smal kasse. Den inneheld nokre plansjar over menneske, dyr, fuglar og blomster. Dette er alt me har av hjelpemidlar. Her er heller ikkje pultar, borna sit ved langbord der det er hol til blekkhus. Borda har nok ein gong vore gråmalte, men fargen er no temmeleg "miserabel". Og så alle blekkflekkane då! Attmed borda er der langbenker. 

Så kjem skuleungane stormande, opp troppa og inn. Dei har ikkje ranslar på ryggen, nei, dei har bøkene i trekassar med "skrått lok" der det er krok i loket og hempe på kassen. Det vert eit rabalder då bøkene vert tekne opp og kassane sende burt i ei krå. Det er dei største og sterkaste som dominerer (då som no). Men det roar seg no, alle har funne plassen sin. Det er visst læraren som kjem opp troppa. Alle reiser seg opp og står. Så er han i døra. Gutane bukkar og jentene neier. 
"GO-MORÅ"! (Eg lurer på kva ljost hovud som kom på at "alminneleg folkeskikk" skulle ut or skulen? Veit du det?) 

Så tek timen til, alltid kristendom i fyrste timen. Men fyrst skal det syngjast, eit salmevers eller ein heil salme. Det er visst bibelsoge dei har til lekse-, best me går så me ikkje forstyrrer-. Men så gjeld det å finne skoa våre- i denne kjempehaugen av tresko. 

Eg fekk aldri gå på skulen på "nore lemmen", for det siste året skulen var hjå oss, var den i stova vår- og me flytta opp. Mor sparde mykje vasking,- og så alt bråket i troppa. Eg var berre 6 år då, men dei fann ut at eg fekk ta til i skulen medan skulevegen var så kort. Året etter var skulen hjå Benjamin, naboen vår, men læraren budde framleis hjå oss. Kor mange veker skule me hadde for året, veit eg ikkje. Av og til var skulen i Tangedalen, 14 dagar kvar tur der. Det vart litt "flyttesjau" av det. Dei la børetog om skulekista, for den måtte vere med. Først måtte dei bere den til sjøen, så ro i Grunnevågen, ta den att på ryggen og bere den i Vika. Dit kom dei så med hest og kjerre frå Tangedalen. Dei hadde VEG, dei? 

Då eg tok til på skulen var det gamle Monsen frå Sleire me fekk som lærar. Han var nok for lengst slutta i jobben, men på grunn av lærarmangel måtte han "træ til att". I første timen heldt han alltid lange andaktar, så det vart ikkje så mykje leksehøyring. Men med "gangetabell" og hovudrekning, der var han utrøytteleg. Me hadde før hatt ein lærar som budde hjå oss, han tok meg på fanget og lærde meg å lese i "Bergens Tidende". Så lesinga kom eg no frå på ei vis. Men rekning, nei det kunne eg ingen ting om. Ei råd vart det no likevel: Bak meg var ein som kviskra svaret, så spør om det ikkje gjekk. 

Året etter var skulen faren frå oss for godt! Då hadde eg fått trekasse til ABC-boka og tavle med griffel til. Det brukte me dei første åra, til me fekk blyant, penn og blekk. Å slå saman skulekrinsar, er ikkje enkelt--. Det er ikkje berre no for tida at det vert rabalder. Dersom me skulle få skulehus, måtte ungane frå Rambjør og Haugsdal gå saman i skulen. Det var no det siste Rambjøringane ville! Dei hadde alltid gått over Torsvik-leitet til Torsvik skulehus, og der ville dei framleis gå. Sinna kom i kok på begge kantar, og det vart mangt eit "tak"! Hatlevik hadde gjeve tomt til skulehus, men Rambjøringane stod på at dei fekk lenger veg enn dei i Haugsdalen. Folk måtte på plass og måle opp vegen til begge gardane. Det vart visst nokre få meter i Haugsdalens "favør". Striden la seg med tid og stunder, tomten vart skoten ut så huset kunne byggjast. Tre brør stod for bygginga. Det var Botolf, Lars og Søren Kvamsdal. Huset vart eitt av dei finaste skulehusa i Masfjorden. 

Eg hugsar innviinga, men ikkje datoen for den. Presten Sigurd Berg heldt tale, huset var stappfullt av folk. Dei kom heilt frå Andvika for å vere med. 

For oss ungane vart det ein stor overgang: Her var det høgt under taket, store vindauge som slepte inn massevis av lys. Og så stod her pultar med plass til bøker inni. Plata kunne skuvast opp og ned så me fann plass til penal og blekkhus. Penala var av tre med skuvelok, og dei finaste hadde roser målt på loket! 

Me hadde mykje lekser: Forklaring, Bibelsoge, Kyrkjesoge og salmevers. Det høyrde til i første timen. Sidan kom rekning, skriving, landkunne, noregs-soge, natursoge, song og litt teikning, ja, og så lesing. Det var streng disiplin i alle timar. I lesetimen måtte me følgje med heile tida og vere "klar" til å fortsetje når me vart "oppropte". Den som ikkje følgde med, måtte stå ved pulten til den neste hadde lese ferdig. Det var forsmedeleg! Eg snakkar av eiga erfaring. Ja, disiplin var der, men dermed er det ikkje sagt at ingen prøvde seg på fantestykke-. Me var vel som ungar flest. Men då enda det ofte i "skammekråa", eller me vart uthivne på gongen. Av og til vart "attpåsitjing" nødvendig. Det var no helst dersom ein ikkje kunne leksa. 

Dei fleste skuleborna laut arbeide heime, både tidleg og seint. Så det var ikkje alltid så lett å "kunne leksene"! "Ordblindheit" var eit ukjent begrep, heller ikkje at nokon kunne ha dårleg syn. Nei, den som ikkje kunne leksa var rett og slett DUM!! 

Me hadde både friminutt og middagsstund. Då leika me: slå ball, gøymespel, tikkespel, siste-par-ut, stele stein, vippe pinne osb. Som regel gjekk leiken med liv og lyst, men der kunne nok vere "mobbing" den tid og. Av og til var læraren med i leiken og, då følgde dei kanskje ekstra godt med. 

Ja, skulen var ny og fin, men skulemateriellet var det same som me hadde hatt på "nore lemmen". Det nye hjå oss var at lærarane skifta ustanseleg. Frå eg var 6 til eg var 14 år, hadde me desse lærarane: Gabriel Monsen, Erling Stordal, Ivar Elvik, Torgeir Børnes. Olga Hodneland, Martin Toft, Ida Duesund, Ludvig Klakegg, Peder Søvik. 

Tre av desse var ikkje utlærde lærarar, to av dei vart det seinare. Men alle saman ville gjerne få plante litt visdom i oss. Det var kanskje ingen lett jobb. Den som eg syntest at eg lærde mest hjå, var Ludvig Klakegg. Han var ein heilt eineståande lærar. Etter han kom Peder Søvik, også ein som var flink til å "lære frå seg". Han var den første som skaffa oss lånebøker. Dei kom i store kassar til skulen, og me fekk låne dei heim med oss. Det var berre om å gjere å få tid til å lese! 

Ein eller annan "gløgging" hadde funne ut at alle skuleborn måtte lære seg å spare opp pengar til ein vart vaksen. Me fekk tilsendt bankbøker frå Landsbanken. 
Læraren skulle dele ut til elevane. Ja, dei bøkene sette me pris på! Eg var så lydig heime som eg berre kunne. Mor hadde vel ikkje så mykje kontantar, men litt skrapte ho i hop til oss to som då gjekk i skulen. Det var ikkje store summar, men kvar fredag hadde me ein liten "skjerv" til å setja inn på boka. Bankbøkene hadde me heime, så me fylgde med at det voks-, sjølv om det gjekk seint. 

Men me har hatt "jappetid" før og! Mange bankar "gjekk over ende"- og Landsbanken ligeså. Så der rauk draumen om rikdom-! At dei, då dei stabla seg på beina att, sende oss ny bok med 40 øre i startkapital, det syntes eg var "freidig gjort". Etter den tid vart eg heilt "immun" mot sparing. 

Denne skulen vart den einaste eg fekk gå på, og mange med meg. Eg var innom og fekk sjå NORDBYGDA SKULE her ein dag-, kunne ikkje late vere å tenkje: "Dette skulle vore i vår tid". Det er no likevel godt å sjå at det er gått framover,- og vidare framover går det nok! 

Kan hende om 70-80 år står ein av dagens elevar ved ein nybygd skule og tenkjer det same som eg - kven veit ? 

--------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal