Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Frå omgangsskule til fast skule 
Forfatter: Olav Midtbø

Det er uråd å seie kor mange menneske i kommunen vår som kunne lese og skrive til husbruk i eldre tider. I eldre tider er her tenkt som nokre hundre år attende. Når me les på gamle skøyte og kontraktar, så vil me jamt sjå at der er somme som kan skrive namnet sitt. Men dei aller fleste må bruke signet der namnet er inngravert. 

I 1741 kom -Placaat om nærmere Anordning angående Skolerne paa Landet i Norge. Denne plakaten gav dei einskilde prestegjeld meir frie hender til å skipa skulen etter tilhøva i bygdene. 

Presten, saman med medhjelparane og andre bønder som presten kalla inn, sette opp dei såkalla -Skulefundatsar. Det ser ut som Lindås prestegjeld har vore dei første til å få ferdig sin fundats, i november 1748. Etter skulefundatsen må ein gå ut frå at det vart arbeidt trutt for å gje folket noko bokleg lærdom. 

Den skulen som vart skipa ved skulefundatsen, var i realiteten ein omgangsskule. Rett nok var løyvet til å skipa ein fast skule halde oppe, men alle visste at det var uråd å få til anna enn omgangsskule. No var det ikkje så at folket lika omgangsskulen så utifrå. Gardbrukarane lika lite å måtte røma stova si for skulen. Mange av dei hadde ikkje kjøken, og den einaste kokeomnen dei hadde, stod då i stova. 

Kona i huset tykte ho var vanhjelpen dersom ho ikkje kunne få bruke kokeomnen. Det var og mykje anna i stova av det ho hadde bruk for i eitt vekk. 

På den andre sida klaga læraren jamt over at det var for mykje renn og prat og ungeståk. Læraren ville ha ordet åleine i skulestova, men det vart ikkje alltid så, det kunne vere mangt som forstyrra arbeidet hans. På denne måten hadde det lett for å koma til misforståingar og vantrivnad, og til sjuande og sist gjekk det ut over skulearbeidet som ikkje kunne gå så godt og greitt som det burde. Men åra gjekk, og skulen vart driven mykje godt i same faret. Rett nok vart det ofte litt flikking og vøling av dei lauga som skulen var delt inn i, og der vart gjort mindre brigde i grenser og liknande. Men noko grunnleggjande nytt, eller noko skjelsetjande forandringar vart ikkje gjort. Dette kom seg kanskje mykje av at skulen hadde så lite pengar å rutte med. Endå det var pålagd skatt både på gardmenn og plassmenn, og dertil på ungkarar og kårmenn, så ville det verta for lite. Det vart samla i hop pengar i bryllaup og andre samankomstar, og pålagt ekstra avgift på gjestegjevarane i Kjelstraumen og Brudeknappen, men noko overflod vart det såvisst ikkje. Men bortimot 1840-50 talet eller så må det visst ha vorte litt romslegare, for då treffer me på freistnader på å styrkje skulen. Her skal forteljast om ein slik freistnad. 

Soga er knytt til ætta og garden Risnes i Frøyset sokn i Masfjorden, og tre namn er knytt til denne freistnaden på skifte. Det var Arne Riisnes f. 1793, Erik Arneson Riisnes f. 1819, og Arne Gabriel Erikson Riisnes f. 1848. Alle tre var lærarar i Masfjorden, og dei to siste enda som lensmenn. Men den som nådde høgast av dei, var nr. 2 som var representant på Stortinget i fleire valbolkar, og som elles hadde ei mengd tillitsyrke som ikkje skal skrivast om her. 

Den fyrste av dei, Arne, var lærar og kyrkjesongar i Sandnes. Me veit elles lite om han som lærar. Men han har nok lagt fram tankane sine for sonen Erik. Og denne freista seg med det som folk nok ville ha kalla litt av ein revolusjon, om dei hadde kunna omgripet og ordet. Då Erik vel hadde vorte lærar og kyrkjesongar, og vel var komen inn i bygde- og rikspolitikken, fekk han i stand fylgjande ombøter : Gardane Risnes, Hosteland, Areklett, Holsøy, Raunøy, Ytre Haugsdal, Hatlevik, Rambjør, Haugsøy, Torsvik og Frøyset skulle vera eitt skoleholderlaug. Desse gardane vart tekne ut frå ordninga med omgangsskule, og Erik bygde nytt skulehus for dei på Risnes. Skuletida skulle vere lenger enn i omgangsskulen: 3 månader i året, og kvar mann i storkrinsen skulle yta 2 ort til lærarløn. 

Det Erik i røynda freista, var å ta ein del av kommunen vekk frå ordninga med omgangsskule og over til ei ordning med fast skule. Korleis det gjekk ? Lat oss sjå på Hosteland til dømes. 

Frå Hosteland til Risnes er det om lag 4 km. gangstig. I førstninga er gangstigen korkje verre eller betre enn gangstigar flest i Masfjorden, men nærare Risnes vert det verre og verre med blaute myrar. 
Det var å bykse frå tuve til tuve, balansere over nedlagde stokkar og kroke seg fram så ein kunne unngå dei blautaste dika. Det er ikkje ein gong å nemne at dei trudde fullt og fast på eit spøkelse som var i Merkesdalen, ein skreppekar frå Voss, som skulle vere røva og drepen einkvarstad i myrane og/eller tjukke skogen der. Noja, så lenge det var tidleg på haust, eller om våren, gjekk det så nokolunde. 

Men i ruskever, og seinhaustes og vinterstid, då vart det verre. Då måtte alltid vaksne fylgja borna: opp i sjutida om morgonen, pjuske på seg det borna måtte ha av skor og klede, og så lykt: ei flaggermuslykt om dei hadde, og om ikkje, så ei onnor lykt, og så avstad. Kanskje hadde det snøa om natta, kanskje var det vind og sturtregn. Det er lett å tenkje seg korleis det var å vere skuleborn i det mest uframkomelege terrenget, og korleis det måtte vera å nå fram til det einsame skulehuset, våte og frosne. Og så var det turen attende, med vaksenfylgje og lykt då og. Ein kan forsvare å hevde at det som gjorde skulevegen så umogeleg, var ikkje sjølve vegen, men det at borna ikkje hadde gummistøvlar og regnoverklede. Av skor hadde nokre det dei kalla lersko, det var skor av ler, og dei rokk knapt opp til okla. Mot regn og uvær hadde dei det dei kalla for stortrøye, det var ei trøye av tjukt vadmål. Men ein må ikkje gløyma at det var mange born som ikkje eigde lerskor, og som difor måtte gå i tresko med tjukke ullsokkar trædd utanpå. Stortrøye var heller ikkje kvart barns eige. Når ein tenkjer litt på dei vilkåra skulevegen baud, får ein ikkje noko lyst bilete av skuletida. 

Det varde då heller ikkje lenge før protestane kom. Mannen på bnr. 7 på Hosteland tok borna sine ut or skulen, og lova å gje dei turvande undervisning sjølv. Det var likevel ikkje alle som hadde så pass lærdom. Men klage og seie seg misnøgde, det kunne alle. Og borna frå Holsøy og Areklett hadde sine vanskar. Dei måtte gå tvers over øya, og så måtte dei ro. Og det var slett ikkje alltid det var lett å kome seg forbi Krossneset når det bles. Om lag same rovegen hadde dei frå Raunøy. Vakse folk måtte ofte fylgje. Også vart det misnøye. 

Borna frå Haugsdal, Rambjør, Hogsøy, Hatlevik og Torsvik hadde ikkje myrar og vasse gjennom. Men mange av dei hadde lang veg, og gangstigen var ikkje alltid så god å gå. Og så var det det at når dei hadde gått vegen, så og seie, då kom dei til Risnesstraumen. Det er ei noko trong bukt som går langt innover. Straumen går anten inn eller ut, og der må roast over. Foreldra leit lite på at borna kunne ro over i strid straum og overfylte, ringe farkostar,- ofte var det berre ferjer,- og læraren på Risnes fekk høyre mykje kritikk og lite ros for den nye skuleordninga. 

I grunnen fanst det berre to måtar å bruke for å kome ut or vansken. Den eine var at faren gav undervisning til sine eigne born. Men det var ikkje så mange som kunne gje opplæring som presten ville godkjenne. Den andre måten var at dei gjekk attende til omgangsskule i den tida det var mest verhardt og mørkt. Det vart ofte freista, men det førde med seg ugreie og rot. Fleire og fleire såg no at den faste skulen på Risnes måtte vekk. Kommunen hadde kjøpt skulehuset, og i 1884 vart det gjort vedtak om at huset skulle flyttast til Rambjørsvika. Men då det bar til stykket, var det ikkje semje om det heller. Så vart det vedteke at skulehuset skulle flyttast over Risnesstraumen til Torsvik. Denne gongen vart det gjort, og så vart det gamle huset sett opp for andre gong i Torsvik. 

Fyrste freistnaden på å samle fleire gardar i Masfjorden til ein skule hadde stranda. Omgangsskulen måtte ta over på nytt. Ja, omgangsskuleordninga hadde sigra. Året etter at skulehuset på Risnes vart flytta til Torsvik vart det gjort vedtak om at Risnes, Torsvik og Frøyset skulle gå attende til ordninga med omgangsskule. Ikkje ein gong på Risnes skulle det vera fast skule lenger. 

Og likevel kom det nett i denne tida opp ein strid om fast skule som delvis galdt dei same krinsane-skulelauga- som den faste skulen på Risnes hadde rekna dit. Og denne gongen kom opptaket frå ein stortingsmann, H. B. Wergeland, som budde på Løveid. Tanken hans var at det skulle samlast born frå Torsvik, Risnes, Frøyset, Tangedal, Sleire og Løveid. 

Wergeland var ordførar i Masfjorden, stortingsmann, vel inne i styre og stell, og med høve til å arbeide for sitt syn innan kontor i offentleg administrasjon. Men i dei områda det var tale om å omskipe, var motstanden massiv. Det heile samla seg til slutt i ein tett strid med sikte på å setje Wergeland utanfor alle tillitsyrke i kommunen, fyrst og fremst utanfor kommunestyret, og det lukkast. 
Wergeland vart sett utanfor, og tanken om ein 4-delt skule på Frøyset vart skrinlagt. 

Men no er me komne midt inn i arbeidet med å dele kommunen inn i krinsar, og å byggje skulehus i flest mogeleg av skulekrinsane. Dette arbeidet tok til i 1893 med skulehuset på Nørland, og det slutta i 1950 med innviing av Eikemo skule. Men då var det straks før det arbeidet tok til som skulle feie vekk krinsskulane og gje bygda ei heilt ny skuleordning. Ei ny tid hadde teke til, og ikkje berre innan skulen. 

-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal