Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
3. årgang

 

   
 

 
Soga om skulen er òg soga om vegen 
Forfatter: Ragnhild Jung / Åsta Birkeland

M. H. Matre skriv i artikkelen "Soga om vegen" i Masfjordboka band II : "Med ein viss rett kan ein seie at utviklinga i folkeskulen kom til å verte ei sak som førde vegkrav med seg." Og i same boka skriv Lars Nordland om ein lærar som nekta å søkje lærarpost på Kvingo, fordi "Adkomsten til skolehuset er for besværlig for børnene"! 

I ei tid då sjøen / fjorden var ferdselsveg nr. 1, fanst det skulekrinsar som ikkje kunne bruke den vegen. Slik var det iallefall for "Dalingane". Gardane Kvamsdal, Byrkjeland, Lia, Lindebotn og Brekkene, 12 huslydar ialt, utgjorde Kvamsdal skulekrins. 

Alt i 1880 kom det til heradstyret krav om veg Hosteland- Byrkjeland. Det vart gjort vedtak om bygging i to "parsellar", først frå Hosteland til Kvamsdalsvatn, den andre frå øvre enden av Kvamsdalsvatnet til Byrkjeland. Vegen skulle byggast som "Rideveg med tre alens bredde", og oppsitjarane hadde teikna seg for 337 dagsverk i året så lenge vegarbeidet varde. 
Heradstyret hadde lova tilskot: 1/5 av "bro og mineringsutgifter". Det ser ut til at bygging av vegen ovanfor vatnet kom igong ein eller annan gong før århundreskiftet. For i 1901 låg det føre klage i heradstyret om at vegen mellom vatnet og Byrkjeland vart bygd med for stor breidd. 

Åsta Birkeland, fødd på Byrkjeland i 1905, fortel slik om vegen- og skulen: 
"Eg hugsar ikkje anna enn at det var veg ned til Kvamsdalsvatnet, til Vika. Der hadde Byrkjelendingane båtane sine. Dei var i bruk både når me skulle "til sjøen" etter lass, eller når me skulle i Kvamsdalen i skulen. For det var omgangsskule i mange år endå, så sjølv om skuleborna fekk nytte av vegen, måtte dei bruke båt attåt. Det var bru over Storelva som mangla, og den kom ikkje før fleire tiår seinare. 

Eg hugsar godt at det vart halde skule i stova vår på Byrkjeland. Det stod då eit stort langbord på golvet, med langbenker innåt. Endå kan eg sjå for meg kvar den enkelte sat. For dei hadde faste plassar, dei or Kvamsdalen og. Annakvar "tur" var skulen hjå naboen vår, for dei hadde og ei stor stove. Eg var ofte med i skulen, sjølv om eg ikkje var gammal nok. 

Lærarane budde helst hjå oss, og ein av dei var svær til å halde moro med meg. Eg fekk sitje på "skulekista" og høyre på. Då hende det kanskje at eg sovna. Når eg så vakna sat eg med hatten til læraren på hovudet, og alle ungane hadde moro av det. Denne læraren, Skibenes, slutta det året eg skulle byrje i skulen. Difor fekk eg vere med siste skuledagen om våren. Då var skulen på Kvamsdalen, i gamlehuset "under Hamrane". Same hausten, i 1912, var skulehuset vårt ferdig og vart teke i bruk. Eg hugsa då det vart bygt. Den haugen der dei sette det, var alltid så full av tyttebær om hausten... 

Sjølvsagt var det stor stas å få nytt og fint skulehus! Her var det ikkje langbord og benkar. Nei, kvar hadde sin eigen pult, stor eller liten etter som ein var "vaksen" til. Slik at dei små skulle sleppe å dingle med beina og dei store slapp å krøkje seg i hop. 

Utanfor var der leikeplass, me kunne springe rundt huset når me leika "tikken", og det vart det høve til i friminuttane. Midt på dagen hadde me ein heil time fri, det var Middagsstunda. Dei som budde nærast, gjekk heim og åt middag, me andre åt nista vår. Hjå oss var me fleire sysken som gjekk i skulen samstundes. Det var difor mange å "niste ut", så det hende ofte at nokon heimanfrå kom med middagsmat til oss. Helst var det "fisk og pote", med ein liten "smørbete" attåt, kanskje. Dette vart bore i ein liten kasse som dei bar på ryggen. Dersom dei ikkje var komne når middagsstunda byrja, gjekk me til møtes med dei. 

Ein gong hadde mor sendt Margit, ei yngre syster, med middagsmat til oss. Mor hadde sjølvsagt laga det til i kassen som Margit fekk på ryggen, og så tok ho i veg. Men då ho kom til leet mot utmarka, stod det tre hestar der, så ho torde ikkje å late opp leet. Då kunne hestane kome på bøen. På skulen vart det "middagsstund", og me gjekk til møtes med den som bar maten, som vanleg. Me kom heilt til leet før me møtte nokon. Då var Margit i ferd med å klive over, for opne leet torde ho ikkje. No hjelpte me henne over, gjekk eit stykke nedover vegen før me åt middagen vår. Etterpå fylgde me henne attende og hjelpte henne om leet. 

Me hadde veg til skulen, men sanneleg kunne det røyne på likevel. Særleg vintersdag med snø og "rennefok". Då var det ikkje alltid råd å sjå vegen, og på nedsida gjekk elva..! Dersom veret var altfor fælt utover dagen, kom nokon og henta oss når skulen slutta. Oftast gjekk me i tresko, men i snøen dugde ikkje dei, då måtte me ha lersko med snøsokkar utanpå. 

Då eg tok til i skulen, fekk me "ny" lærar. Han heitte Engesæter, og hadde ei tid både Sleire og Kvamsdal krins. Det veksla med talet på skuleborn, eitt år var det kanskje to-delt, eit anna år samla skule. Eg hugsar at syster mi og eg gjekk av og til same dagen i skulen, av og til gjekk me på ulike dagar. Siste året eg gjekk i skulen, hadde me visst 6-7 forskjellige lærarar. Det var visst pengemangel, så det vart teke ei eller to viker frå andre krinsar, slik at me fekk skule. Ei tid hadde me ein student, han fekk me ha litt lenger. Han heitte Bernhard og var frå Ådnekvamme. Eg hugsar me tykte han var flink. Seinare tok han lærarutdanning. 

Det året eg slutta i skulen, var eg den einaste som "gjekk ut" i vår krins. Når eg skulle "til presten", måtte eg gå frå Byrkjeland og ned i Vika, ro over Kvamsdalsvatnet og gå til Hosteland. Derfrå var me seks 14-åringar som rodde til Sandnes. Den eine av desse, ein frå Øyra, drukna i Ostavatnet om hausten. 

Å fare til Hosteland til butikken eller anna ærend, var for oss på Byrkjeland eit dagsarbeid for to mann. Først køyrde me ned i Vika. Ein måtte så ro over vatnet med det me skulle ha med oss. Den andre måtte gå oppatt i Lia, over til Lindebotten og vidare resten av "stranda" med hesten. Eg gjekk mange gonger med hesten, og det var svært freistande å setje seg oppå og ri. 

Ja, når eg tenkjer på kor eg reid ned bratte kleiver, så er det eit under at det gjekk vel! Men me leit på hesten, han kjende vegen og me var trygge på at det skulle gå bra. 

Ein av naboane våre hadde ein stor båt som han brukte til å føre hesten over vatnet. Men ein gong gjekk det gale, hesten stupte ut av båten og drukna. Eg trur ikkje det sidan vart førd hest i båt av nokon frå Byrkjeland. Men eg hugsar godt at dei i Kvamsdalen førde hestane over vatnet. Deira hestar var så vane med dette, at dei for sjølve ned til båten og venta til nokon hadde dei inn i. Nedom vatnet hadde både me og Kvamsdalingane kjerrer, firjulskjerrer som me køyrde til Hosteland med. 

Ridevegen var vorte til køyreveg - både for "Dalingane" og Hostelendingane. Men det er ei anna soge.... 
 
-------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 3 1993 - Masfjorden Sogelag / Masfjorden Mållag.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal