Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

    
BKK vert etablert
(17.10.2004)
Forfatter: BKK

Ein av mange "fosse-oppkjøparar" var brukseigar og politikar Wollert Konow, kjend m.a. fordi han måtte gå av som statsministar i 1912 etter litt for venlege utsegner om landsmålet. 


Wollert Konow

I Søndre Bergenhus Amt var han ein føregangsmann i kraftutbygginga. I 1890-åra kjøpte han rettane i Bergsdalen og Torfinn-området, og i 1907 selde han - med forteneste - Bergdalen til Dale Fabrikker. 

Torfinnvassdraget selde han til eit interessentskap som seinare avhende rettane til Voss og Bergen. 


Frå utbygginga av Storefossdammen, Dale, i 1920-åra.

Innsats for fellesskapet 
Mellom dei som ivra for eit interkommunalt kraftselskap i Bergens-distriktet, var amtsingeniør Per Lægreid. 

På fritida gjorde han ei fullstendig kartlegging av kraftressursane i Søndre Bergenhus Amt. Rapporten hans vart eit viktig dokument i diskusjonen som til slutt resulterte i at BKK vart etablert. 

By og land saman 
Dette var det tidlegaste BKK-området: Bergen med eit folketal på ca. 90.000 og landkommunane omkring med vel 42.500. Bergen gjekk inn med 2/3 ansvar. Den siste tredelen vart splitta mellom landkommunane slik (folketal i parantes): 
Aasane (2318) 5,2 % 
Askøy (3721) 9,8 % 
Bruvik (4037) 8,7 % 
Evanger (2027) 4,1 % 
Fana (7961) 22,4 % 
Fjell (3688) 10,0 % 
Haus (5236) 6,0 % 
Os (3188) 7,7 % 
Laksevåg (4941) 14,5 % 
Samnanger ( 3025) 6,2 % 
Sund (2399) 5,4 % 

Ingen av eigarane måtte skyta inn kapital, men garanterte, i høve til eigardelen for dei låna som selskapet tok opp. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal