Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

               
Det elektriske samfunnet
(03.11.2004)
Forfatter: BKK

Då BKK vart etablert i 1920, kunne trongen for elektrisk kraft i ein norsk familie definerast slik: Ei lampe på kjøkkenet, ei i stova og - eventuelt - ei i fjøset, (omlag 200 kWh pr. år). 

I vår tid er gjennomsnittsforbruket pr. husstand på over 20.000 kWh pr. år. 

Viktigast for forbruket er varme og varmtvatn, men vi er så avhengige av lys, maskinar og apparat at vi vert hjelpelause når straumen ein sjeldan gang "går". 

Dei gode hjelparane 
I kvardagen har vi rundt oss tallause hjelpemiddel som treng straumuttak i veggen. Mange av apparata har hatt ei lang mogningstid. 

Elektriske omnar for romoppvarming var produserte i USA frå 1890. Første norske utgåva vart lansert av ingeniør Arne Barman, Ålesund, i 1896. El-omnane kom i bruk i større skala først eit halvt hundre år seinare. 

 
Ein elektrisk komfyr vart presentert i London i 1891, men i fleire tiår var vidunderet ein uoppnåeleg luksus for folk flest. 

Støvsugaren vart lansert i Noreg i 1910, men kom ikkje i vanleg bruk før 40-50 år seinare. 

Radio (Marconis oppfinning: 1896) vart indtrodusert i Noreg i 1925 (privat kringkasting) og utvikla vidare etter at NRK kom på lufta i 1933. 

Fjernsyn (byggjer på mange oppfinningar, dei første frå 1880-åra) vart introdusert i Noreg som prøvesendingar frå 1954, regulære sendingar frå 1960, og fargesendingar frå 1972. 

I 1950-åra fekk ei rad hjelpemiddel gjennomslag på marknaden: vaskemaskin, kjøleskåp, barbermaskin, "høgfjellssol", handdrill... 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal