Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 

   
Ein nasjon vert til - på naturkrefter
14.10.2004 
Tekst og foto: BKK

Den som kjem først til mølla, får først male, heiter det. Det er det sjølvsagt eit poeng i, men viktigare i vår samanheng er nett det at ein måtte koma til mølla for i det heile å få mala. 

For før elektrisiteten vart teken i bruk, var fossekrafta stadbunden. Gjennom generasjonar hadde kverna og saga lege ved fossen. I barndomen for den norske industrireisinga vart også fabrikkane plasserte der. Krafta kunne ikkje overførast over større avstandar. Mange av dei kjende industristadane våre er bygde kring fossekrafta - der ho var å finna: Odda, Ålvik, Dale... 

Den nasjonen som vakna i 1905, hadde lege som eit fattigland i Europas skugge gjennom lang tid. Det var eit land med naturalhushald der bønder og fiskarar dominerte i tal, der bygdene mata byane, og der tradisjonane var striskjorte og havrelefse. 

Det var ein nasjon som i si naud hadde måtte eksportera ein monaleg del av den handlekraftige ungdomen til Amerika. Vi sende dei rett nok på eigande kjøl, for norsk skipsfart, av kvalitet og omfang, det hadde vi. 

Sjølve landskapet, stupbratt som det ofte er og med sitt skrinne jordsmonn, hadde gjort sjøen både til naturleg transportveg og leveveg. 

Denne barske naturen opna for nye rikdomar. For i kombinasjon med det ustanselege siget av mild væte frå vest, skapte fjella skysperre, nedbørsområde, fallhøgder. Vatn, vatn, vatn. 

Kong Haakon VIIs unge nasjon fekk oppleve store omveltningar. Teknikken gjorde sitt inntog alle stader. Nye oppfinningar, nye oppdagingar, nye idear, nye måtar å tena levebrødet på - alt frå industriarbeidarens slit under klokka til spekulantens nervepirrande spel på børsen. 

Det vart satsa på fabrikkar, det vart satsa på jernbane; Bergensbanen opna i 1909. Ei kjeledegge vart fødd: bilen. Det første eksemplaret, ein tysk Windhoff, vart registrert i Bergen i 1908. Bergensaren Trygve Gran tok seg over Nordsjøen i eit 
einmotors fly i 1914. 

Ein verdskrig loga opp og slokna ut. Bergen brann i 1916 og vart bygd oppatt. Russland reiste seg mot tsaren; Lenin skapte Sovjetunionen. 

For folk flest i Noreg vart kan henda levemåten dei første tiåra i hundreåret tryggare; ikkje trygg, ikkje feit, men annleis enn før. Ein heilt ny klasse kom til; industriarbeidaren. 

Dei store endringane kom sjølvsagt ikkje av elektrisiteten åleine, men den var eit vesentleg bidrag og eit avgjerande grunnlag for utviklinga fram til våre dagar. Pionerane såg si oppgåve for det første i å sikra seg rettar og temja vasskrafta, dinest å bruka energien til industrielle føremål. 

Men "stasjonær" straum var ikkje nok for den nye tida. Ein måtte vera i stand til å overføra krafta. Mølla måtte bringast ut til folket - så og seia. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal