Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

      
Eitt steg nærmare utbygging
Forfatter: Ingunn Halvorsen
(31.03.2004)

På Kløvtveit i Gulen kan BKK få sitt 30. vasskraftverk - dersom prosjektet viser seg å vera lønnsamt. - Kløvtveit kraftverk vil yta om lag 10 MW og produsera 41 GWh i året. 

- Eg håpar og trur at kraftverket vert realisert, seier stasjonsleiar Frode Langhelle. Han og kollegane på Matre vil få driftsansvaret for Kløvtveit kraftverk. 

Stasjonsleiar Frode Langhelle ved Austgulfjorden i Gulen, der stasjonsbygningen for Kløvtveit kraftverk skal liggja. Vatnet vil koma i tunnel frå fjellet, med røyrgate det siste stykke. Foto: Ingunn Halvorsen, BKK. 

Initiativet til utbygging kom frå Gulakraft for nesten 20 år sidan, og BKK fekk konsesjon i 2000. Men dei opphavelege planane gav dårleg lønnsemd, og BKK la nye planar der ein droppa regulering av Austgulvatnet. I staden skal vatnet overførast i tunnel til inntaksmagasinet Kløvtveitvatnet. 

Eit pumpeanlegg, ei taubane og ein 22 kV-leidning over fjellet vart tekne ut av planane, noko som påverkar både økonomien og miljøet positivt. 

Usikker økonomi 
Den nye konsesjonssøknaden vart godkjend i statsråd den 6. februar etter tilråding frå NVE. Men framleis er økonomien i prosjektet usikkert. Styret i BKK Produksjon har vedteke å henta inn pristilbod på å byggja kraftverket, og deretter gå gjennom lønnsemda på nytt. 

Sjølv om det alternativet BKK no har fått konsesjon for inneber færre miljøinngrep enn det førre, er ikkje alle glade for denne løysinga. - Det er spesielt reguleringa av Kløvtveitvatnet som møter motbør. For å klara oss utan regulering av Austgulvatnet må vi tappa ned Kløvtveitvatnet permanent med 22 meter. I tillegg vert vatnet regulert med 24 meter. Det er klart at dette vil prega terrenget i mange år framover, seier Langhelle. 
---------------------------- 
BKK-nytt mars 2004 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal