Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

    
Krafta inn i huset
Forfatter: BKK
(02.07.2003)

Ein lampe på kjøkkenet, ein i stova og ein i fjøsen - slik kunne behovet for elektrisk lys være for mange i 1920-åra. I dag brukar ein norsk familie over 20.000 kWh pr. år. 


Komfyrannonse frå bladet Urd i 1936. Pris: kr. 290,00

«Det elektriske kjøkken» var ein draum for mange husmødre i byrjinga av 1900-talet. For fleirtalet blei draumen lang; berre dei best stilte hadde anledning til å skaffe nokre få av dei moderne hjelpemidla. Men etter kvart blei elektrisiteten tilgjengeleg og økonomisk oppnåeleg. 

Lyspæra var den første - og truleg mest revolusjonerande - bodbringaren om ei ny tid. «Reint lys» vart tent i utvalgte rom, parafinosen avtok. Og utviklinga held fram : Kokeplata gjorde sin entré, for ikkje å snakke om komfyren med jernmagasin - ein innretning som kunne halde på varmen etter at straumen var slått av. 

Det elektriske strykejernet blei også etterspurt. For produkt som radio, støvsugar, kjøleskap, varmtvannsberedar, vaskemaskin og elektriske symaskiner gjekk det lengre tid før dei vart allemannseige. 
 
 

Først i 1950- og 60- åra begynte dei tusen heimar for alvor å bli likestilte i elektrisk utstyr. Husholdningsmaskinane dominerte. 


Stolpekarar, 1950 åra. Friskt arbeid og fri utsikt.

Draumen om det elektriske kjøkken var realisert. Så kom turen til stova, bad og hobbyrom. Utviklinga tok tid fordi dei enkelte hjelpemidlane var relativt kostbare i anskaffelse. 

Krafta var derimot billeg. Finnst det noko anna land som har fått sine borgarar til å la lyset brenne døgnet rundt i rom som ikkje- eller nesten ikkje - er i bruk ? 

Ein lampe på kjøkkenet, ein i stova og ein i fjøsen - slik kunne behovet for elektrisk lys være for mange i 1920-åra. I dag brukar ein norsk familie over 20.000 kWh pr. år. 

Viktigast for forbruket er lys og varme, men elektrisiteten er i så stor grad vorte ein del av vår kvardag, at me blir hjelpelause når straumen «går». 


Ampéremeter frå før 1910. 

Ulike betalingssystem vart brukt i elektrisitetsforsyninga første få tiår i Noreg. Til å begynne med måtte forbrukarane betale ei fast årsavgift, men denne blei i åra før første verdskrig etter kvart erstatta med den såkalla vippetariffen. Dermed blei forbruket begrensa til ein viss maksimumeffekt. Det er fortalt frå Hardanger i 1920-åra at enkelte kunne henge ein elektrisk ovn ut gjennom vindauga for å bruke opp «kvoten». 

Det var også slik at sommarkraft blei seldt billegare enn vinterkraft. Straum til koking blei derfor først og fremst brukt om sommaren. Forbruket tok seg sterkt opp etter første verdskrig. Ein av grunnane til det var at prisane på kol og koks hadde auka kraftig. 

Likevel blei elektrisiteten i beskjeden grad utnytta. I ein typisk leigegård i Bergen kunne for eksempel installasjonen bestå av ein enkelt 10A sikring i kvar leiligheit. 
....................................................................................................................................... 
Frå boka "Kraften fra fjellet" BKK historie. Tekst: Bernt Kristiansen - Gunnar Hatland. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal