Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 

    
Krig, atterreising og ny utbygging
(07.11.2004)
Forfatter: BKK

Då andre verdskrigen sette verda på hovudet, hadde BKK planar for utviding rundt Dale kraftverk: ny røyrgate, nytt aggregat, ny kraftleidning til Bergen og nye reguleringar i fjellet. 

Kraftforsyninga var sjølvsagt vital for okkupantane. I starten fekk likevel det lovleg valde styret halda fram i BKK, og dei gjorde det m.a. med hektisk utbygging. Dei to siste krigsåra måtte likevel styret vika plass for nazistane. 

Faktisk auka etterspurnaden under krigen fordi tilgangen på brennstoff var knapp. Oppvarming vart med eitt eit elektrisk spørsmål. 

Vinteren 1941/42 var straumuttaket i selskaps-området på 34.570 kW, ei dobling sidan 1927. Og då krigen var over, var forbruket mest dobla endå ein gong. 


Arbeid på Storefossdammen, Dale. Foto: BKK.

BKK-styret heldt sitt første etterkrigs-møte 30. juni 1945. Dette var situasjonen: Gjelda nedbetalt til 8,7 millionar, fonds bygde opp til 4,7 millionar, driftsoverskot 700.000 kroner. Anleggskapitalen lydde på 27 millionar. 

Kraftsalet var godt, og det måtte ventast vidare auke. Landet skulle atterreisast. Heimane vart elektrifiserte i raskt tempo, 
næringslivet var i framgang og nye satsingsområde kom til. Mellom anna vart det stadig meir aktuelt for Statsbanane å gå over til elektrisitet. 

BKKs ansvar i denne samanhengen var Vossebanen (elektrisk frå 1945). 

I tretti år var BKKs innsats i stort og smått knytt til utviklinga i Bergsdals-traktene - og til utbygging av overføringsnettet. Dei to førebels siste aggregata vart installerte i Dale kraftverk i 1950 og -51. 

Avtalen med Voss frå 1926 om overføring av Torfinno, auka produksjonskapasiteten. Fosse kraftverk vart sett i drift i 1954. (Kaldestad kraftverk kom til i 1964, og dermed var området så godt som maksimalt utnytta). 

Det var trong for meir kraft. BKK hadde rettar til fleire vassdrag i Hordaland: Eksingedalsvassdraget, Teigdalsvassdraget og Tyssenvassdraget (Voss). Selskapet fekk óg hand om Førdevassdraget i Høyanger og Steinsdalsvassdraget i Modalen. 


Matre kraftverk. Foto: BKK.

Valet fall på Matre 
Rettane her hadde vore handla med og tinga om sidan hundreårsskiftet. Hordaland fylke gjekk inn for konsesjonssøknaden frå BKK om kjøp av A/S Matrefaldenes eigedomar og rettar. 

På si side tok BKK på seg ei monaleg utviding av forsyningsområdet; selskapet fekk ansvar for kraftdekning - med få unntak - for heile fylket nord for Hardangerfjorden. 

Matrefjella var eit komplisert område med ein mosaikk av vatn og elvar som gav utbyggjarane arbeid i meir enn tretti år. Først tok ein i ferd med det eine hovudvassdraget, Haugsdalsvassdraget (første etappe ferdig i 1956). 

Kraftstasjonen vart bygd inni fjellet. Røyrleidningar i dagen var det slutt på. Utbygginga gjekk føre seg i ei ny tids ånd. Heile lokalsamfunnet Matredal vart bortimot adoptert av selskapet, ansvaret femnde om alt frå vegar til sosiale tiltak. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal