Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 

     
Maktkamp om fossefalla
(01.11.2004) 
Forfatter: BKK

Då folk fekk syn for verdien i fossekrafta, var spekulantane raske til å handla. Med sans for profitt kjøpte dei fallrettane før oppsitjarane fekk for mange tilbod. 

Ei utbygging i stor stil kom i gang og skapte ny industri i bygdene. Men det var óg ein annan marknad - og ei plikt: Den generelle elektrifiseringa av samfunnet. Dette vart av mange sett på som ei offentleg oppgåve. 

Bergen hadde alt sitt Bergens Elektrisitetsverk (BEV) som starta el-produksjon frå ein dampsentral i Strømgaten i mars 1900, og som seinare (1912) bygde vasskraftverk ved Frøland i Samnanger. 

Av kommunane kring Bergen var det berre Fana og Os som prøvde å løysa kraftspørsmålet på eiga hand; Fana med kraftverk på Stend i 1913 og Os med Gåssand kraftverk i 1914. 

Landkommunane kring Bergen ville ha eit interkommunalt kraftselskap. Bergen, som såg at krafttilgangen frå Samnanger vart for liten, meinte at byen burde eiga kjeldene, men kunne selja kraft til naboane. Striden stod i åra 1918-1920, og stridens eple var rettane til Bergsdals- og Torfinnvassdraga. 

Landkommunane Evanger, Bruvik, Samnanger, Os, Haus, Fana, Åsane, Fjell, Sund og Askøy ville ekspropiera Bergsdalen. Bergen ville gå til kjøp åleine. 

Maktkampen enda vinteren 1919/1920 med eit sams framlegg frå partane. Avtalen vart vedteken i kommunestyra og godkjend av departementet. Dermed kunne Bergenshalvøens komunale kraftselskap - BKK - konstituerast 2. juni 1920. 

Styrketilhøvet mellom by og land i selskapet skulle vera tre til to. Henrik Ameln vart første ordførar i representantskapet, og Ivar Vaksdal første styreformann. Det låg føre 11 alternativ til utbygging av Bergsdalsvassdraget, Torfinno og tilgrensande elvar. Dale vart peika ut som byggjestad for sjølve kraftstasjonen, den billegaste og raskaste løysinga. Så, sommaren 1921, tok minestålet til å syngja for anlegget Storfossen-Dale. 

Men det skulle pengar til, og tidene var tunge. Grunnkapitalen på 7,2 millionar kroner, som medlemene stod ansvarlege for, strakk ikkje til. Løysinga vart eit dristig lån frå USA, to millionar dollar i 1924. Utbygginga kunne halda fram, og 18. november 1927 vart dei to første aggregata på Dale sett i drift. På grunn av fallande dollarkurs vart utanlandslånet god butikk. 

I anleggsfasen hadde BKK ein nøktern administrasjon på to fast tilsette, og då produksjonen ved Dale kom i gang, vart det inngått avtale med Bergens Elektrisitetsverk om felles administrasjon. Fellesskapen varte til 1958. 

I starten låg produksjonskapasiteten over etterspurnaden. Men det tok ikkje lang tid før dette endra seg. Etter langvarig strid med Voss kommune (som eigde halvparten av vassdraget) skaffa BKK i 1932 meir vatn ved å regulera og overføra Torfinnsvatn til Bergsdalsvassdraget. Aggregat nummer tre på Dale kunne setjast i drift i 1938. Men etterspurnaden steig framleis. El-kraft var blitt ein suksess som folk flest ville ha del i. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal