Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

    
Matre venta så lenge...
Forfatter: BKK
(30.08.2002)
For 270.210 kroner selde Matrebøndene vannrettane sine i 1906. Forresten, ikkje berre vatn og fjell. Med i handelen gjekk også brorparten av det vesle som var av jord ved botnen av fjorden. For her skulle det komme industriutvikling og nytt levebrød. 

Men bygda måtte vente lenge, måtte vente gjennom to verdskrigar før tinga begynte å skje. 


Matre i 1937. Karrig bakgrunn, lyse utsikter.

Ressursane i fjellområdet var velkjende nok. Alt i 1799 kom den første «reguleringa» i Haugsdalselva. Masfjordboka siterer et dokument frå Det Nyttige Selskab: «Fire Oppsiddere paa Gaarden Indre Haugsdal i Lindaas Prestegjæld og Sandnes Anneks, har i Aaret 1799 med meget Arbeide og ved at bortføre store Stene og paa nogle Steder ladet minere, fremledet Vand fra en stor Elv over nogle og otti Alen i Lengde til et betydeligt Sted, hvori intet Kvernhus var tilforn, og nu vil blive til stor nytte, den tilstaaes 4 Rdl». 

Den første fossespekulanten i Matre-området heitte Blaauw. Han kjøpte stort og selde med ein gong vidare til Fr. Hiorth som fullførte handelen med bøndene i 1906, for 270.210 kroner og overførte alt i 1908 til A/S Matrefaldene. Bak Matrefaldene stod tyske interesser, Badische Anilin und Sodafabrik. 

Tyskarane hadde same planar for Matre som Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskap hadde for Rjukan: Å lage salpeter og storindustri av nitrogenet i lufta. 

I 1908 søkte Matrefaldene om konsesjon for Haugsdals- og Matrevassdraga. Masfjorden budde seg på industri, og stilte krav om kraft, om vegar og eit fond på 100.000 kroner. Dessutan vart det kravd at : «...det inden arbeidet tillates paabegyndt, stilles full sikkerhed for at Masfjorden Fatigvesen ingen udgift paaføres av nogen av dette anlægs benyttede personer eller deres familier...» 

Men Masfjorden måtte vente, Matre vart «Gløymd» til arbeidet vart teke opp att i 1917. 

Kraftstasjonen ved Hommelfossen vart sett i arbeid, men ikkje gjort ferdig. Det skjedde ikkje før under siste krigen, då okkupasjonsmakta dreiv sanddrift på Litle Matre og oppdaga den halvferdige stasjonen. 

Norsk Hydro, som hadde overteke Matrefaldene, ville selja rettane, og «Bytinget» i Bergen vedtok i 1944 å overta alt saman for vel ein million kroner. Avtalen vart godkjend av Bergen bystyre i 1946, og rettane vart etter ei tid overdregne til BKK - som på si side garanterte for ei større utviding av forsyningsområdet. 

I 1952 starta utbygginga og med det ei ny tid for Matre og Masfjorden. Mange gardar vart biintekter og «husmorbruk» medan karane satsa på brakkelivet. 

Anleggsverksemda varte i 30 år. BKK overtok ikkje berre fjellvidder og vassdragrettar, men tok og i realiteten på seg utbyggingsansvaret - men vegar og infrastruktur - for eit heilt bygdesamfunn. 

Selskapet overtok det meste av det knappe arealet i bygdesenteret i fjordbotnen (ein del er seinare attendeført). Der vart det reist bustader for tilsette, bygd forsamlingshus, og tilskot vart gjeve til skule, idrettsplass, symjebasseng og Bjørn West-museet. Også ny næringsverksemd har BKK støtta, til dømes akvakulturstasjonen som til dels er basert på vatn frå kraftverket. 

---------------------------------------------------------------------------
© Frå boka «Kraften fra fjellet» BKK historie. Tekst: Bernt Kristiansen - Gunnar Hatland. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal