Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

          
Ned frå fjellet
Forfattar: BKK
(30.06.2003)

Det var inga småsak pionerane gjekk i kast med då dei bestemte seg for å hente krafta ned frå fjellet. Dei gjekk laus på oppgåva med muskelkraft og handreiskap. 

Men sanneleg - det står solide merker igjen i gråberget etter dei. Mange av dei tidlegaste anlegga har gjort teneste like til vår tid. 

Dette er Noreg 
Kven forstår kilowatt ? Kven forstår strøm ? Ikkje folk flest. Det me forstår er lys og varme - og då helst når me ein sjelden gong manglar begge delar. 

Meir enn dei fleste andre nyvinningar har elektrisiteten skapt forandringar for folk sin levestandard og livsvanar. Den er blitt nødvendig og selvfølgeleg. 
 

Særleg er det slik i Noreg - eit av dei land i verda som er rikast på energi i forhold til folketalet. Vannkraft, olje/gass og kol høyrer til vår nasjonalformue av naturressursar. 

Men det er vannkraften som er den edle varen, den reine og miljøvennlege energiformen. Og den er evig som nedbøren. 

Tida 
I begynnelsen av forrige hundreåret var landet ein ung nasjon, ustø på eigne bein, ein nasjon som kjempa for å overvinne fattigdommen. 

Gjennom mangfoldige slektledd hadde nordmenn vore leiglendingar under danskar og svenskar. 

Næringsverksemda hadde tradisjonelt vore småskoren og beskjeden - bortsett kanskje frå skipsfarten. 

Landet dreiv i ei europeisk bakevje. Naud var eit kjent begrep. Mange hadde reist over havet for å finne levemåten i Amerika. 

Men det fantest også ein velståande klasse, ofte rikmenn med sans for kvalitet. Mange ev dei var med på å skape nytt næringsgrunnlag. Dei støtta initiativ, dei reiste monumentale bygg og starta nye bedrifter. Visst fanst det også industri - og den var ambisiøst voksande. Ved nesten kvar ein bekk på Vestlandet grodde det opp ein fabrikk. 

Teknikken kunne hente ufattelege mengder energi ut av elva, men enno i nokre tiår var det ein relativt stadbunden kraft - nesten som den gamle bygdemølla. Det tok lang tid før ein var i stand til å frakte store kraftmengder over lengre avstandar. Det vart kamp og kjøpslåing om vassdraga, pengar og ideár vart investert, grunnlaget vart lagt for den moderne industrinasjonen og den gode levemåten. 

I begynnelsen av hundreåret var Noreg fattig, men rikt i potensiale. Mot slutten av hundreåret kan me konstatere at rikdommen er gjort til allemannseige og har bragt oss opp i det øvre sjikt av velståande nasjonar. Me kan ikkje tilskrive vannkrafta all ære for utviklinga, men det er neppe grunn til å tvile på at den har spelt ein betydeleg rolle. 
----------------------------------------------------------------- 
Utdrag frå boka "Kraften fra fjellet" BKK historie. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal