Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

    
BKKs nettsentral utvidar reviret
11.06.2004
Forfattar: Ingunn Halvorsen

Nettsentralen har vore på tur til Sognefjorden, men ikkje for å sjå fagre fjell og fruktbløming. Grunnen er at straumnettet i Nordhordland, Gulen og Høyanger sør no skal styrast frå sentralen på Kokstad. 

- Nede ved fjorden her ser de linjebrytar nummer 7792. Når straumen går, er det særleg sjukeheimen og smoltanlegget som brukar å ringja, fortel guide Gjert-Rune Daae. Reisefølgjet i minibussen strekkjer hals og noterer ivrig på kartet. 

- Han som har stukke denne linja må nedstamma frå ei fjellgeit, kjem det tørt frå bakarste rad. Høgspentleidningen frå 1950-talet har ikkje akkurat funne den lettaste vegen der han slyngjer seg langs sørsida av Sognefjorden. 

- Denne brytaren kan de fjernstyra frå Kokstad, fortel fagansvarleg Gjert-Rune Daae. Asbjørn Kvamsdal (i BKK-dress) viste Tore Aase (f.v.), Kari Merete Nilsen, Håvard Øvsthus og dei andre frå Nettsentralen rundt i Matre kraftverk. Foto: Ingunn Halvorsen. 

Mil etter mil 
Denne våren har alle dei 19 tilsette ved Nettsentralen fått høve til å gjera seg betre kjende i Gulen, Masfjorden og Høyanger sør. I alt har dei arrangert fire turar. 
- Det viktigaste er å få eit bilete av dei ulike stadene og sjå kor leidningane går. Det hjelper oss å handla raskare ved feil, meiner senioringeniør Kari Merete Nilsen. Den største aha-opplevinga er nok avstandane. Ein centimeter på det skjematiske leidningskartet kan vera over ei mil i terrenget. 

Treng lokalkunnskap 
Etter ein kort innkøyringsperiode vert no nettet heilt nord til Sognefjorden styrt frå Kokstad. Driftssentralen i Knarvik er avvikla, og medarbeidarane der har fått nye oppgåver. Seksjonssjef på Nettsentralen, Martin Soltveit, synest samarbeidet under omlegginga har vore godt. 

- Det tar tid å byggja opp kompetanse om det nye området,og slike turar gjev høve til ei viktig kunnskapsoverføring. Vi vil også i framtida støtta oss på dei lokalkjende montørane, påpeikar han. 

Distribusjonsnettet i Nordhordland, Gulen og Høyanger sør har ca. 1200 kilometer høgspenningsnett. Omlegginga til styring frå Kokstad har kosta omlag 2 millionar kroner, som vil vera spart inn i løpet av fire år. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal