Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kraftverk
Artiklar

 


 
 

 

     
Skomakaren i røyret
Tekst og Foto: Mona Mekki
18.07.2004

Det var ein gong ein mann, Anders Nilsen Hest, som på slutten av 1800-talet reiste frå den vesle bygda Jordal i Sogn til Matre i Nordhordland. 

Skomakar var hans yrke, men det ga ikkje nok inntekter for å tjene til livets opphald for ein familie med elleve born. 

Skomakaren blei vegarbeidar, vedlikeholdsarbeidar og malar. Han var ein aktiv og vel ansett mann i bygda, og han påtok seg gjerne dei vanskeligaste og mest utfordrande oppgåver. 

Som for eksempel då ledelsen i Matrefaldene A/S ein gang på 1950-talet skulle foreta innvendig vedlikehold av trykkrøyret til gamle Hommelfoss kraftverk. 
Fotografi av skomaker Anders truleg på slutten av 1950-tallet. Han døydde i 1968, 79 år gammel. 

Mannen som blei tilkalt, var Anders Nilsen Hest. Han hadde dei kvalitetar som skulle til for å utføre jobben. Han var tøff, uredd og nøyaktig, og han var liten av vekst. Nesten loddrett langs fjellsida låg røyret der, og så trangt at en knapt kunne tru det var plass til en mann inni. Det var litt av et vågestykke! 

Men skomakaren og hans medhjelpar Ole B. Matre gikk i gang. Fastbunden i et tau, hengande inne i røyret, hamra og malte skomakaren. Sterke stoffer og intens banking må ha gjort jobben til eit mareritt. Masker og hørselsvern var ukjente begrep på den tida. 

Det gamle klinkbygde trykkrøyret stuper seg nedover fjellsida mot den gamle kraftstasjonsbygningen. På det brattaste har røyret ein hellingsvinkel på over 60 grader. 

Magnus Bjørnevoll viser størrelsen på trykkrøyret. 
Men, på tross av luft det nesten ikkje gjekk an å puste i, banking som heldt på å sprenge trommehinner, og eit røyr så trangt at man knapt kunne bevege seg, skomakaren blei ved sin lest, og fullførte det arbeidet han var bedt om å utføre. 

-------------------------------- 
© Frå BKK - NYTT 
august 95. 

(Red. anm. Den gamle røyrgata vart fjerna i 2007)


Gamle Hommelfossen kraftverk. Foto: Scandion.

 

 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal