Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kulturminne
 

 

 
Hellar i Ytre Haugsdal

På garden Ytre Haugsdal (gnr. 1, bnr. 8) ligg ein liten hellar som vert kalla for Under Hamrane. Hellaren ligg om lag 9-10 meter over havet. Hellaropninga ligg tett opp til og parallelt med riksvei 57. Under eit ruvande overheng ligg eit nokså stort hellarrom - ca. 50 meter langt og 10 meter djupt på det meste. 

Då riksveg 57 vart utvida vart delar av hellargolvet spreng vekk. I oktober 1979 blei det gjennomført ei utgraving i hellaren under leiing av Lisa G. Bostwick. Arkeologene grov i tre forskjellige områder: A, B og C. I område A hadde dei høyrt frå lokalbefolkninga at det hadde stått ei smie. Og ganske riktig, då dei begynte å grave, kom det fram både slagg, jern og store trekolbitar. Det blei funne mange avslag av både flint, kvarts og skifer. Andre funn var blant anna fragment av skiferpilar, 1 fiskesøkke, 2 tangepilar, 2 pimpsteinar og fragment av grønnleg finkorna bergart med slipte flater. 

I ein rapport skriv Bostwick at med ein så forstyrra lokalitet er det vanskeleg å gi ei eksakt tidfesting på når og kor lenge helleran var i bruk. Den yngste delen, representert av store mengde skjell og bein, lite steinmateriale og flatehogde pilespissar tidfestar ho til perioden mellom slutten av yngre steinalder og eldre jernalder. Den eldste delen i hellaren reprensentert av lite bein og skjell, mykje avslagsmateriale, tange- og skiferpilar og fragment av bergartøkser tidfestar ho til ein bruksperiode i midten og mot slutten av yngre steinalder. 

Kjelde:
http://hellerprosjektet.uib.no/hellere.spy?p=hellerihaugsdal

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal