Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kulturminner
 

 

  
Gamle Hommelfoss kraftverk 
Foto: Scandion. Tekst: BKK

Det første kraftverket i Hommelfossen vart påbegynt i 1917 av A/S Matrefaldene. Maskineriet var kome på plass og røyrgata var nesten ferdig då  arbeidet stoppa opp. Den halvferdige stasjonen vart ståande ubrukt  i over tjue år - heilt fram til 1944. Då den tyske okkupasjonsmakta kom til Matre i 1942 for å ta ut sand, oppdaga dei anlegget. Dei trong straum til sandtaket, gjorde kraftstasjonen ferdig og starta produksjonen.

Kraftverksbygningen var av tre og hadde etter måten ein liten maskininstallasjon. Røyrgata var av klinka stålrøyr. 

Etter krigen fortsatte kraftstasjonen å produsera kraft lokalt til Matrebygda. I 1946 kjøpte BKK fallrettane i vassdraga i Haugsdalen-, Matre- og Førdeområdet frå Bergen kommune. 

I 1952 tok BKK fatt på den store kraftutbygginga i Matre-fjella. Dei hadde bruk for anleggskraft. Hommelfoss kraftverk vart for puslete, og BKK bygde ein ny kraftstasjon i betong så å seia vegg i vegg med den gamle stasjonen - med same utforming. Den nye stasjonen vart kopla på den gamle røyrgata, men fekk større maskininstallasjon. Den vart teken i bruk i 1953. Det er denne kraftstasjonen vi i dag tenkjer på når vi seier gamle Hommelfoss kraftverk. Den opphavlege kraftstasjonen i tre vart riven på 1970-tallet. 

I 1986 bygde BKK endå ein ny kraftstasjon i Hommelfossen, denne gongen også med ny tillaupstunnel og trykksjakt i fjell. Peltonturbinen vart skifta ut med ein francisturbin og den nye generatoren fekk dobbel så høg effekt som den gamle. Årsproduksjonen kunne tredoblast - til 14 GWh. Den gamle kraftstasjonen vart stoppa for godt.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no