Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kulturminner
 

 

 

Saga på Mollandseid
Foto: Scandion

Saga på Mollandseid er truleg den saga flest masfjordingar har sett. Ho ligg tett ved vegen og er ein del av eit nokså komplett bygningsmiljø. Forutan sag er her naust og kvernhus, her er lunna opplagsplass for båt, og her er bryggje, der dampen i si tid hadde stoppestad. 

Kommune og fylke har gitt støtte til restaurering av saga, eit arbeid som grunneigarane sjølve har teke ansvar for gjennomføringa av. Her får du eit godt inntrykk av korleis ei sag kunne vere ein del av eit større bruksmiljø.

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no