Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kulturminner
 

 

   
Stegane
Tekst og foto: Eva T. Lokken

Tre stigar brukte dei på 1700-talet, når folk skulle ta seg opp fjellet frå der Hommelfossen kraftverk ligg i dag. Dobbel meining kan ein altså leggja i namnet til den såkalla Kringlebotnstigen. Dette er framleis kortaste vegen til Kringlebotn, og stadig er han i bruk. Steintrappene som har erstatta stigane har hatt så mykje trakk at det laut ein reparasjon til. 

Sommaren 1993 tok BKK inn to arbeidsledige anleggsarbeidarar med kjennskap til muring for å reparera Kringlebotnstigen. Dei murte litt, og la betre til rette dei naturlege steinane som vert brukte i trappene. 

BKK-folk tek Kringlebotnstigen for å koma seg til dammen og inntaket til Hommelfossen, i tillegg til at ein kan koma seg vidare den vegen til Kringlebotn. 

Kringlebotnstigen er trapper og mark, mark og trapper 200 meter opp. Den som tek turen får både god utsikt og ømme musklar. 

Bildet viser Alf B. Solheim i nyreparerte Kringlebotnstigen. Fjellstigen gjev god utsikt over Hommelfossen kraftverk og området rundt. 

© Frå BKK - NYTT september 93.  

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no