Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Attraksjonar
Kvamsdals fargeri

 

  
Fargeridrift på Sandnes 
Foto: Scandion. Forfattar: Rolf Kvamsdal

Bestefar min, Rasmus, byrja eiga fargeriverksemd i 1889. Då var han berre 21 år gamal. Året etter gifte han seg med Sygni frå Neset på Sandnes. Far hennar, Martinus, åtte Urdi, eigedomen ovanfor dampskipsbryggja. Her stod eit, etter måten stort hus, dessutan ei stor sjøbu. Fleire uthus var det sikkert óg. Det var her R. N. Kvamsdals Farveri kom igang. Han byrja nok i det små, med eldstad, nokre kjelar og fargekar. 

I 1898, same året som far min, Martinus, kom til verda, sto det nye huset ferdig med fargeri i kjellaren. Han hadde då kjøpt ein kipp, eit stort fargekar, og ei skrupresse. Berre 4 år seinare sette Rasmus opp tilbygget me no kallar fargeriet. Han kjøpte dampkjel, dampmaskin og eit stampeverk. Då hadde Rasmus nett vore på si fyrste stepentiereise. Året 1913 drog han ut på si andre reise. 
 

Deretter kjøpte han ei større dampmaskin, ein større dampkjel og ei ny stampemaskin, ei såkalla valke. Dermed var det slutt på dei meir omfattande endringane.

Far min, Martinus, byrja i fargeriet etterkvart. Han tok over tidleg på 30-talet. Bestefar døydde i 1937, og 17 år seinare, i 1954, vart Kvamsdals Fargeri nedlagt. Bygningar, maskiner og anna står den dag i dag i det store og heile slik som då det var i drift. 

Var der fargeriverksemd på Sandnes før Rasmus byrja ? 

Masfjordboka (L. Nordland 1. band, 2. utgåve) gjev nokre forvitnelege opplysningar. Det er ikkje fullt samsvar mellom dei ymse fråsegnene, men noko kan me likevel finna ut. 
På s. 619 er bruk nr. 11, Nesheim, nemnd. Her les me om Trond Fjellanger som laut flytta frå Neset. Han grov då ei hole i sandbakken ovanfor Nesehusa. Der innreidde han bustad og flor. På s. 603 der Neset er omtala (Nordland kallar staden Sandnesneset, står det at Trond flytte frå Neset i 1786, og sette opp eit steinhus mellom Nesehusa og husa til R. N. Kvamsdal. Dei sistnemnde kom opp fyrst hundre år seinare, men stadnemninga er ikkje å ta feil av. 
No høver det å sitera rett frå s. 619 : Dette huset (steinhus eller hole, RKs merknad) stod så seint som i 1860-åra eller seinare, kunne gamle, litande folk fortelja. Og i dette huset budde Per Larsen (Per i Urdi). Han har på eit eller anna vis vorte eigar av huset, med di sonen får kjøpekontrakt i 1879. Då (sonen) Anders fekk bygsla plasset i Solheimsøya, selde han huset til Sjur Nilsen. Han var frå Kalhovda, bnr. 4. Sjur var utlærd fargar, og hadde etter opplysningar av ein bror hans vore tenkt å driva handverket der. Huset er av han truleg vorte ombygd til føremålet, men av ymse grunnar kom han ikkje til å bu der. Han må seinare ha overdrege huset til Johan Berntsen (son til Bernt Furebotn), som óg var fargar. Sjur og Johan var syskenborn. 

Huset datt ned, men tomta var i 1930 seld til Malvin I. Kvinge av Guri Berntsen, enkja etter Johan Berntsen. M. I. Kvinge sette opp eit materialskur på tufti. Bruksnr. 11 må denne hustufta ha fått ved salet i 1930. 
No kan me lese vidare på s. 629 der bygdebokforfattaren skriv om Peder Larson, innflyttar frå Oster, f. 1809, d. 1882. Han hadde 5 born. Me les: -Peder Larson budde ei tid i Stordalen, der sume av borni er fødde. Sidan fekk han seg hus på Sandnes og reiste omkring på arbeid, mellom anna vegarbeid. Han vart kalla Per i Urden, etter der huset stod. Men kvar huset stod, kan ein ikkje seia, men det var på bruk 2. 24.1.1879 kjøpekontrakt frå Peder Larson til sonen Anders på seljaren sine hus for kr 240. Peder skulle framleis ha rett å bu i husa. 26.10.1885, kjøpekontrakt frå Anders Pedersen til Sjur Nilsen for 500 kr. Husa har truleg vorte rivne og flytta. Kven Sjur Nilsen var, er ukjent. 

No er det retteleg at fantasien kjem i sving. Kanskje er det tale om to hus, eit på bruk nr. 11, kanskje av stein, som datt ned etter 1860 ein gong. Det er lite truleg at eit steinhus vart flytta. Kanskje stod det eit anna hus i Urdi, som Per flytta inn i, og etter kvart vart eigar av. Det høver likevel ikkje med utsagnet om at huset sto på bnr. 2. Urdi, eller Humlegårdsstien, vart skilt ut frå bnr. 1 i 1848, medan nr. 11 Nesheim der Trond Fjellanger byrja meir enn eit halvt hundreår tidlegare, litt innanfor grensene til bnr. 2. Det som i alle høve går fram, er at det var to fargarar innom Sandnes på siste del av 1880-talet. Sjur Nilsen og Johan Berntsen. Det er ikkje klart om dei dreiv fargeriverksemd, og om dei så gjorde, i kva omfang. Det kan ha vore i Urdi. Me må hugse på at det ikkje trongst stort for å driva ei mindre verksemd, berre eit eldhus. Me veit og at det var vanleg å kalla eit større eldhus for fargeriet rundt om i landet, noko som synte kva verksemd som frå tid til anna gjekk føre seg. 

Bestefar går i fargarlære og tek til med eiga verksemd. 

Bestefar, Rasmus Nilsen Kvamsdal, var fødd i Kvamsdalen i januar 1868. Til Sandnes kom han ofte i samband med kyrkje og landhandel, må me tru. Frøyset sokn, som Kvamsdalen no tilhøyrer, vart fyrst skipa i 1930. På butikken til far sin, Martinus Sandnes, opphaveleg frå Indre Hope, arbeidde sikkert Sygni, som han seinare gifte seg med. Her på Sandnes kan han ha høyrt om fargaryrket av Sjur Nilsen og Johan Berntsen, og funne ut at dette kunne det vera framtid i. 
I alle høve, bestefar byrja i fargarlære i Haus på Osterøy i 1886. Då han kom attende tre år seinare, tok han til med fargeriverksemd i Urdi. Martinus Sandnes åtte etter det me veit husa her. Men det kan og ha vore slik at det huset Sjur Nilsen innreidde til fargeriet, og Johan Berntsen tok over, også låg der, og kanskje var det her bestefar tok til med verksemda si. Meir truleg er det likevel at bestefar byrja i eit eldhus som tilhøyrde Martinus. Det har og vore nemnd at kanskje dreiv bestefar i den store sjøbua i Urdi, riven rundt 1950. - Eg hugsar at det var eit mura kar der, men det kunne ikkje vera høveleg for føremålet. Etter mi meining må dette ha vore eit kar for barking av til dømes nøter. Eg hugsar eit liknande kar i nothuset på Sandnes, som også låg heilt ned i flomålet. Bestefar dreiv Urdi i 9 år. 

Bestefar byggjer hus med fargeri i kjellaren. 

I 1887 kjøper Rasmus ei hustuft for kr 420 av Emanuel O. Sandnes på bnr. 2. Emanuel kom opphaveleg frå Kvamsdalen, og han og Rasmus var i slekt. Han tok straks til med bygginga. 
Bestefar var ein noggrann og arbeidsam mann. Han førde rekneskap over alle utlegg i samband med bygginga. Det kan vera forvitneleg å ta med noko frå bestefar sin rekneskap. Diverre er ikkje postane dagsett. Byrjinga er slik : 

Kontragt kr 0.50 
Bygsel 150,00 
Borer 4,36 
Krut, lunte 8,00 
Hvessing av bor 0.70 
Borthjuling av grus 
2 1/4 dag á kr 1,60 3,60 

Slik held det fram, nokre større postar : 

Material til glas og dører kr 123,75 
Oppmuring av kjelderen 135,00 
3000 murstein 96,00 
Arbeidspenger, fra skuden til bryggen 2,40 
Fra bryggen til grunden 5,00 
Skiferstein 190,40 
Planker og fragt nordenfra 327,90 
Komfyr og ovn med rør 107,00 
Kloakkledning 30.00 
Vandledning 180,00 
Sluttsummen er kr. 5,412,86 medrekna tufta for kr 420,-. 

Rasmus har óg ført nøye rekneskap med kva han har lånt hjå gode grannar, til dømes 50 stk. 4 toms galvanisert spikar hjå Emanuel og 2 bord 3/4 x 8 toms, 6 alen lange hjå Arne. 
Bestefar fører eigen rekneskap over bygginga og innreiinga av fargeriet. Dei største postane er : 

Kipp kr. 145,00 
Kædel 25,00 
Presse, plater 500,00 
Kædel 40,00 
Bytur ang. pressen 10,00 
Eget arbeid 50,00 
Mursten og kalk 25,00 
Sluttsummen er kr 11.053,95 og kjem i tillegg til kostnadane for huset. 

På neste side er vist eit grunnrit av det gamle fargeriet frå 1898, eller rettare, korleis kjellaren i bustadhuset er i dag. Pressa og eldstaden kjenner me att, dei står som dei opphaveleg gjorde. 
På nordre langvegg stod kippen, det er enno merke att i golvet. Vassklosettet kom til ein gong på 60-talet, etter at fargeriverksemda var nedlagt. Tidlegare var det her eit skåp for fargane. Det er venteleg at rominndelinga - og fargeskåpet - kom til etter at tilbygget som me no kallar fargeriet, vart bygd i 1904. Me legg og merke til at kjellaren er smalare enn huset, det vil seia at grunnen ikkje vart fullt utgraven i breidda. 

Arbeidet i fargeriet fram til 1904. 
Til farging kom framfor alt heimevevd tøy, vadmål, einskjefta og garn. Noko ull vart og farga. 
Kippen, fargekaret, var den viktigaste hjelperåda. Kippen var delvis nedmura i golvet, og rymde 600 liter. Farginga gjekk mest føre seg ved låg temperatur. Nemninga kipp eller kype vart og nytta på fargebadet, det vil seia blandinga av vatn og ymse emne i kippen. 

Her er ei oppskrift : 
Pr. 100 l. 
50 g lim 
50 g soda kalk 
50 g konsentrert hydrosylfit 
150-300 g Indigo MLB, alt etter som ein ynskjer lys eller mørk nyanse. 

I kippen vart det mest farga indigo, ein mørk blå farge. Fargestoffet var eit mineral, det kom i klumpar. I midtkjellaren heng ei malmgryte, og der er nokre 5 kilos jarnkuler som vart nytta til å knusa mineralet i gryta. Det som skulle fargast vart lagt i og teke opp att fleire gonger. Mellom kvart drag vart det tilsett mineraler og farge. Det vart mykje botnfall etter denne prosessen, men likevel freista fargaren å ta vare på innhaldet i kippen så lenge som råd. Til slutt gjekk vyrket gjennom ein beiseprosess for å festa fargestoffet. Nokre gonger vart det nytta blod som kom i spann frå slaktehuset i Bergen. 

Om sumaren var det ikkje alltid lett å unngå at blodet vart skjemd, men det kunne brukast likevel. 
Den store utfordringa for einkvar fargar er å få fram den ynskte fargen, og at fargen er lysekte. Det var eit krevjande handverk, der det var turvande å kjenna til ei rekke fargeemne og korleis dei skulle nyttast. Fleire oppskrifter er tekne vare på. Dei mest innfløkte krev handsaming i opp til ni ymse bad innan beising og skyljing. 

Bestefar hadde gjort ei svært viktig investering då han flytta verksemda til det nye huset i 1898 - pressa. Med denne kunne han levera tøy med jamn og glatt yte, noko som vart høgt verdsett når finare klede skulle syast. 
Pressa var i bruk heilt til fargeriet vart nedlagt. Det er ei skrupresse med pressflate på 95x75 cm. 
Tøyet som skulle pressast, vart lagt fram og attende mellom papp-plater inntil pakken vart 15 - 20 cm tjukk. Opp til 10 pakkar kunne pressast samstundes. Nærast kvar pakke vart lagt 12 mm trebord for å bremsa varmen. Deretter fylgde 2 mm stålplater, og mellom desse varme jarnplater. Desse var 12-15 mm tjukke og 20 cm breie. Det vart nytta tre slike plater jamsides mellom kvar pakke. På denne måten kom varme til tøyet, noko som trengs for at pressverknaden skal vara. Platene vart heta i grua. To vart sett opp til vangar, og dei andre sett på høgkant med langsida på vangane. Mellom kvar plate vart sett eit brotstykke frå t.d. takpanner for at varmen frå veden - tunnkløyva heile vedskier - skulle koma til. Når platene var lageleg varme, måtte pressa setjast fort. Dørene skulle vera attlatne for å unngå trekk. Til slutt var det å skru til pressa med ei 2,5 m lang stong. Etter nokre timar måtte det skruast ein gong til. Dette var tungt arbeid. 

No kan ein undra på kva ein gjer med dei upressa stripene mellom kvar pressa yte. Då bestefar byrja med pressinga i 1898 og vidare utover, var det ikkje anna å gjera enn å pakka om og pressa ein gong til. Dermed tok heile prosessen tre til fem døger. Seinare, etter at den fyrste dampkjelen kom, vart tøyet etter fyrste pressing rulla opp på ei perforert røyr. Så vart det set på damp. Dermed vart stripene dampa bort og tøyet fekk til og med ein enno betre utsjånad og struktur enn pressing åleine kunne gje. 

Bestefar dreg på si fyrste stipendiereise. 

Han såg tidleg at skulle den nye fargeriverksemda bera seg, måtte det utviding til. Eit slikt stort steg måtte førebuast godt. Ei stipendiereise vart løysinga. Med vitnemål frå sokneprest og lensmann søkte han i 1901 styresmaktene om eit reisestipend til Trondheim. Ved kongeleg resolusjon i juni året etter vart bestefar tildelt statsstipend på 150 kr. Han las om vedtaket i bladet, og skreiv straks til amtmanne i Søndre Bergenhus Amt og spør om når og korleis han kunne få utbetalt summen. Svaret kom omgåande, med krav om at rapport måtte sendast inn seinast seks månader etter reisa var slutt. 
Lukkelegvis vart kladden til både denne og den andre reiserapporten tekne vare på. Her kjem bestefars reiserapport : 

Fra farver R. N Kvamsdal : 

Til den kongelige norske Regjerings Departement for det indre. 

Hermed giver jeg mig den ære at afgive indberetning om den med stipendium foretagne reise i aug. og sept. f. å. for at studere de nyere farvningsmetoder, særlig stamping og klædesberedning. Jeg tiltraadte reisen den 2dre aug. med D/S Nordhordland til Bergen og fortsatte den 5. næstefter med D/S Juno til Trondhjem. Her henvendte jeg mig til farver Brænne som modtok mig med megen elskværdighed. Jeg fik hos ham særlig anledning til at se stampnings og tilberedningsmetodene. Stampingen foregik først ved valking og deretter ved den såkalte klubstamping. Ved denne dobbelte behandlingsmaade oppnaaedes den store fordel at få tøiet godt filtet, uden at det dermed blev rynket eller langreiket. Denslags valker, som brugtes der, er, saavidt jeg har kunnet bringe i erfaring, ganske ukjendte her på Bergenskanten, da de kunne reguleres slig, at tøiet kunde valkes ind fra bredden, eller lengden etter behag. 
Klubstamperne var også særlig derved, at stødflaterne var givet en skraa retning, mere tjenlige, end de jeg har havt anledning at se heromkring, hvilke alle har horisontale stødflater, hvad der bevirker, at tøiet bliver mindre stampet i kanterne og derimod løber for sterkt sammen i midten. I det hele taget er klubstampingen at anbefale for grovere vadmelstøier. 

Hos her farver Lars Børseth (H. H. Schølbergs farveri) sammesteds foregik særlig farving og beredning af hjemmevævede tøier, samt trygning i ægte kulører paa saavel hjemmelavede som fabrikerede varer. Ved den der paa grovt vadmel anvendte beredningsmåde ruing og skjæring, samt let presning og damping, oppnaaedes at faa et smukt og godt tøi, som meget lignede fabrikerede tøier. Den paa mange steder anvendte glans og stivpresning ved varme plader, anser jeg helt forkastelig. Det er dårlig stampede tøier som især trænger denslags presning. I denne forbindelse skal jeg faa lov at nevne, at det hjemmevevede vadmel, som jeg havede andledning at se i Trondhjem og deromkring, i kvalitet stod langt over det, som tilvirkes paa Bergenskanten. 

Jeg fik videre anledning at lære at kjende en hel del kemiske elle de saakalte kjærnefarver, særlig mørkeblaat. Jeg har etter hjemkomsten gjort forsøg med at anvende de forskjellige mærker i stedet for Indigo, men er kommet til det resultat, at disse farver kan have sin fordel i retning af sin smitteægthed og at gjennemfarve tykke filtede tøier: men jeg mener dog, at Indigoen gjør disse mer varige end nogen anden farve, da det er en sikker ting, at den beskytter tøiet mod at morkne. Indigokypen har alltid havt den merkelige egenskab at den tilfører ulden en særlig og nesten dobbelt varighet. 
Af Sulfensyanin, Altsarin, Comotsap (?) hvilke alle ere mørkeblaa farver, finder jeg sistnævnte at staa Indigoen nærmest. Den hos hr. Scholberg anvendte trykning paa tøier foregik med ægte farver, og med haandkraft. Sammensætningen og brugen af disse farver, fik jeg ogsaa andledning at lære hos ham. Under opholdet i Trondhjem tog jeg for jernbane en tur til farver B. Hovstad på Bjørgen (i Gausdalen, 15 km fraa Trondhjem, RKs merknad) som tiligere havde havt stipendium. Jeg fik hos ham underretning om endel udmerkede bomuldsfarver i blaat samt andledning at se samme udfarvet. 

Etter et ophold i Thjem i 23 dage, reiste jeg til Molde hvor jeg standede i 3 dage og besaa hr. T. Mittets og Kornstads farverier og omgangsmaader. Hr. Mittets dampfarveri var særlig godt indrettet med nye og tidsmæssige maskiner som leverede et meget smukt og godt arbeid. 

Den 2dre sept. reiste jeg videre til Aalesund hvor jeg besøgte J. Mittets, Jakobsens og Ole Skares farverier. De to sistnevnte viste mig megen velvilje og gav alle de opplysninger jeg bad om, medens jeg hos den førstnævnte ikke opnaaede lov til at gjøre iagttagelser. Fra Aalesund reiste jeg til Haugesund hvor jeg hos hr. Steen fik andledning til at lære den nyeste måde at behandle kyper (Indigofarvning). Herr farver Nilsen sammesteds gav mig ogsaa muntlig veiledning om sine erfaringer paa farveribedriftens omraade. 

Ved ankomsten til Bergen den 10de sept. besaa jeg hr. J. Jenssens og Lampes farverier. 
Førstnævnte viste mig særdeles velvilje og gav mig anledning til at gjøre iagttagelser vedkommende mit haandverk. Jeg reiste hjem den 13. sept. vel fornøiet med de paa min reise indvundne nye kundskaper. 

Sandnes i Masfjorden 20/1 1903 

Ærbødigst 
R. N. Kvamsdal 

På baksida har bestefar fylgjande fråsegn : -Samtlige farverier undtagen ett hadde dampkædel til koge med og dampmaskin til drivkraft. I farverifaget er sket saa stor forandring i de siste 8 á 10 aar at skal man have et nogenlunde tidsmæssig farveri, kan dampkædel og dampmaskin ikke undværes-. 
Det er uvisst om denne bolken kom med i rapporten. 

Bestefar ynskjer seg dampdrift og stampeverk. Han treng også meir rom. Heimkomen går han straks igang med utvidinga. Me veit at han søkte om å få kjøpa eit stykke av utmarka til prestegarden. Staten er eigar. Det var synfaring i 1902, 1905 og 1907, deretter kom endeleg avslag. Bestefar ante nok at dette kom til å ta tid, og han hadde ikkje planar om å venta. Derfor leigde han grunn av E. O. Sandnes og bygde fargeriet austover ved å forlenga kjellarmuren på bustadhuset. Etter det eg hugsar fortalt, var det berre eit mellombels tak på fargeriet dei fyrste åra. I 1908 vart turkeloftet bygd ovanpå fargeriet. 

Same året bygde bestefar naust ved stranda straks nedanfor fargeriet. På innsida av naustdøra står måla årstalet 1908 med store raude tal - det er å sjå den dag i dag. 

I 1904 hadde bestefar dampfargeriet sitt ferdig. Dampkjel og dampmaskin kjøpte han brukt av Chr. M Westrheim mek. Værksted & Rørforretning i Bergen. Han kjøpte også røyr, røyrdelar, akslingar, reimskiver, lagerbukkar, stålskorstein osv., med andre ord, heile dampdrifta. Rekninga har 61 postar, den største er kr 1400 for maskin og kjel, den minste er på kr 0,14 for ei reduksjonsmuffe. 
Totalsummen er kr 1870,10. 

Bestefar kom opp i strid med Westrheim om levering av regulator til dampmaskina. Han tykte det tok lang tid før regulatoren kom. Me kan lett tenkje oss at det var eit slit å springa til å frå og passa på at maskina hadde rette farten. Regulatoren kom til slutt. 
Bestefar skaffa seg samstundes klubbstampe, skyljemaskin, ruemaskin og etter kvart også overskjæringsmaskin. Bestefar hadde innsett at dersom han ikkje kunne tilby stamping av tøyet, så vart det mindre med fargearbeid. Stamping vart frå gamalt av gjort med handemakt. Det var eit tungt og drygt arbeid. Menneskja fann tidleg ut at dei sterkaste musklane må brukast på langdrygt arbeid. Så då vart det å trø rundt på det fuktige tøyet i ein stamp. 
Klubbstampa etterliknar stamping med muskelkraft. Dei to til fire klubbene vart lyfte i tur av S-forma bogegangar, og dett ned to gonger for kvart kringsviv nett når bogegangen kjem forbi lyfteknasten på klubbskaftet. Stampinga er heilt turvande for å gje tøyet ein betre struktur - det vert mjukare og tettare. 
Tilreiing eller overskjæring er handsaming av det ferdig farga tøyet. Først vert tøyet rua på rettsida i ruemaskina. Det er enkelt forklåra ein større trommel med kardeborrar, ein frøkongle frå middelhavslanda. Konglen har hakar for å festa seg i pelsen på dyr, jamfør borrelås av idag. Etter ruing og tørking går tøyet til skjæremaskina. Her vert loa kosta opp av roterande kostar og så avklipt i same lengd, 1 - 4 mm, av ein fastståande kniv med roterande spiralar, nett som graset i ein trommelgrasklippar. Tøyet er sydd saman til ei endelaus lekkje, og går 3-4 gonger forbi kniven. Deretter vert tøyet pressa og dampa. 

Etter at ruemaskina kom, kunne bestefar også ta på seg ruing av kvitlar. Tidlegare vart ruing utført med handemakt. Kardeborrar feste i ei ramme var verktøyet. Bestefar bytte brev med dei han hadde møtt på stipendiereisa si, og fekk mange råd og vink om farging, stamping og tilreiing. 

Eitkvart om dampdrifta kan vera verd å nemna. 

Dampkjelen var bygd av Bergens mek. Verksteder i 1893, godkjend for overtrykk 4,2 kg/cm3 eller 60 psig som dei sa på den tida. Dampmaskina skal ha stått i ein liten slepebåt, då hadde ho 2 sylindrar. 
Bestefar tykte at denne maskina var heller veik. Han fekk ingeniør S. F. Schulze, kjelinspektør, til å rekna ut ytinga. Schulze skriv i mars 1904 at etter hans meining er maskina på 2,5 HK, det same som 1,85 KW. 

Far har fortalt at smeden, Knut Otterstad, ein gong sa at han skulle kunna stogga maskina berre me å setja kneet mot svinghjulet. - Etter eit lite bel rauk det så pass or broka at han gav opp. 

Den 2. stipendiereisa. 

Bestefar såg etter kvart at verksemda enno ein gong trong å utvidast og å gjerast meir tidhøveleg. Klubbstampinga var mangelfull, og no byrja dei nye kjemiske fargane å koma for fullt. Dei var enkle å bruka, dessutan var dei heilt lysekte. Han tok til å planleggja si neste reise, og søkte i 1910 om nytt stipendium. Fyrst på seinsumaren 1913 kom han i veg. Vilkåra for stipendium var no skjerpa. Han måtte ha ein kausjonist som gjekk god for at reiserapport ville bli utarbeidd og innlevert. Bestefar fekk lærar Gustav Steine til å skriva på. Dessutan var det ynskjeleg at stipendiaten arbeidde under opphaldet hjå dei han skulle vitja og såleis skøytte på stipendiepengane, kr 150,- 
På sida attmed er vist eit kart der dei to stipendiereisene til bestefar er teikna inn. Også denne gongen for han fyrst til Trondheim - til sine gode vener Brænne og Aune, den siste hjå Schølbergs farveri. Han reiste vidare til Levanger og så til Steinkjer, der han var eit drygt bel hjå fargar H. Berg. Deretter for han til Orkdalsøyra. Hjå fargar Sivertsen legg han merke til at spillvarme frå fargeriet vert nytta i eit folkebad, -en for folkehelsen så verdtfuld indretning-, skriv bestefar i reiserapporten. No er jarnvegen komen over Hardangervidda, så han fer heim over Hamar og Voss og vitjar fargeriverksemder båe stader. Det er særleg tre saker som hende på denne reisa. - Bestefar tinga ny valke i Steinkjer, dei var bygde der. Denne valka står framleis i fargeriet. Her vert tøyet pressa inn i eit slok eller renne av to motgåande rullar, båe er drivne. Hermed vert tøyet bretta saman og arbeidet svært effektivt. Øvre del av renna eller taket kan regulerast med vekter. Tøyet skal vere fuktig. Det vert sett til såpe eller vaskepulver i det varme vatnet som langsamt vert tømd på tøyet medan det går i valka, som dreg så mykje effekt, 3-5 kw, at tøyet vert varmare etter kvart av friksjonen. 

No måtte det til ny dampdrift. Dampkjel kjøpte han brukt medan han var i Steinkjer, - frå Binde meieri i Stod herad mellom Snåsa og Steinkjer. Driftstrykket er 7 kg/cm2, heteflata 26 m2. Kjelen kom i drift i oktober 1915 etter innmuring og bygging av den høge mursteinspipa slik me ser ho idag. Ei tidhøveleg dampmaskin på 12 HK av engelsk opphav vart óg installert. Eg har ikkje funne opplysningar om kvar maskina kom frå, truleg var det frå same meieriet. Dampkjelen var bygd av Ørens mek. Verksted i Trondheim i 1903. 

Kvar den gamle kjelen tok vegen, veit eg ikkje. Maskina derimot vart sett til side, og på 40-talet sette far min og eg ho opp i skuret, kopla til damp, og brukte ho til å driva ein slipestein og ein tredreiebenk. 
Under er eit rit av fargeriet slik det står i dag. 

Den siste saka bestefar skriv om frå si siste reise, er nye fargekar. Kan kjøpte eit slikt i Steinkjer, og fekk laga eitt til. Desse er av tre. Den eine kortsida skrår innover og endar i ein fin avrunding mot botn. 
Oppvarminga er med damp gjennom eit rør som endar i eit smalt, avskilt rom med den andre kortveggen. Tøyet vert førd rundt i karet av ein reimdreven haspel. Det fyrste fargekaret er no borte, det rotna vekk. Utanom desse to fargekara, er det 4 runde av mindre storleik, alle av kopar. To er indirekte oppvarma ved ei ytre dampkappe, to har direkte oppvarming ved at damp vert tilført ein sump i botn. Det største av desse koparfargekara skal ha kome frå eit dampkjøkken i Bergen. Då var det fortinna inni. 
Alle fargekara har framlagt vatn og damp. Ikkje nokon oppvarmingsmåte er så godt egna som damp. Det går fort, og varmen kan regulerast frå ingenting til full verknad på augneblinken, berre med ein enkel ventil. 

Sentrifugen midt på golvet i fargeriet skal vera den siste maskina bestefar fekk tak i, truleg på 20-talet. Opphaveleg var sentrifugen for handdrift med to sveivar. Bestefar tok bort den eine og ordna med reimdrift frå hovudakslingen under taket. Sentrifugen vart nytta til å få mestedelen av vatnet ut or ull og garn. 

På tørkeloftet over fargeriet stod skjæremaskina. Elles tok kjeltoppen med dampdom og tryggingsventil stor plass. På loftet stod også eit apparat for damping av ymse tøy og klede, på skap som eit stort innhola strykebrett med tilføring av damp. Dessutan var der eit vanleg strykebrett, og stol for å rulla opp ferdig turka stampetøy. I austre krå over dampkjelen stod eit kar for å varma vatn med avdampen frå dampmaskina. Dette karet kom bort før eg kan hugsa, men dampspiralen er enno der. I eit mindre rom i vestre kråa er det no eit badekar med dampoppvarming. Opphaveleg låg det her ei ribberøyr på golvet for turking av farga ull på ramer med flugenetting. 

Rikeleg og sikker tilgang på vatn er heilt turvande for eit fargeri med stampeverk. Bestefar la inn vatn frå ei oppkome på garden hans Emanuel O. Far fortalde at brått kom vatnet bort, det hadde kome ei sprikke i botn på den vesle kjelda etter eit av dei små jordskjelva me kan ha på Vestlandet. Det vart sett igang graving. Lukkelegvis fann dei vassåra då dei nådde fast fjell 2-3 m under yta. Så vart det mura ein skikkeleg brunn av naturstein. Til tetting utanfor vart tilkøyrd myrjord. Sidan har dette vore ei sikker kjelde som aldri har vanta vatn. 
Galvaniserte jarnrøyr vara ikkje så lenge, og under siste krig hugsa eg at dei måtte skiftast ut med trerøyr frå Ingv. Areklett, indre diameter 38 mm. Då desse byrja rotna, berre omlag to år seinare, vart det tredd plastrøyr inni. Tilsiget i kjelda er ikkje så stort, ho vart tappa heilt ned på ein arbeidsdag i fargeriet. Dagen før måtte difor alle kar og skyljemaskina fyllast. Ei stor vasstunne stod på turkeloftet ovanfor skyljemaskina, frå tunna kunne skyljemaskina fyllast to gonger. Tunna var opphaveleg eit standard vinfat frå Vinmonopolet i Bergen. Diverre byrja tunna å leka, så far tok ho bort på 40-talet. Oppå tunna stod dei store trekassane kardeborrane kom i. 

Pakfarvefabrikken Radio 

Det var ein marknad for ferdige fargar for heimebruk, til dømes for å farga nokre garnhesper eller eit kledeplagg. Bestefar byrja med å blanda ferdige fargar, som han selde i posar på 20 gram. Han innreidde eit rom i uthuset søraust for bustadhuset, skytja. Her la han inn omn, sette opp arbeidsbenkar, hylle osb. Etter dette heiter rommet enno verkstaden. 

Martinus, far min, kom etter kvart inn i verksemda, han var 20 år då fyrste verdskrigen slutta. Verbror, Herman Heggenes, gift med Betzy, var politimann i Bergen. Han var ofte i Masfjorden og han og far for på salsreiser, serleg i Sogn der han kom frå. Dei bruka motorsykkel, far fekk førarkort i 1924. 

Denne verksemda var i gang til etter siste krig. Ein vanske med fargepakkane var råme, som glaubersaltet i fargeblandinga trekte til seg. Dette leidde til at levetida kunne bli kort. Far hadde planar om å skaffe små blekkboksar, men så fall marknaden bort. 

Martinus R. Kvamsdal tek over. 

Biletet nedunder er teke i 1909. Det viser bestefar Rasmus og bestemor Sygni med dei 7 borna. 
Fremst ser me Aslaug i bunad, vidare mot høgre Sigurd og Martinus, far min. Ytst til venstre sit Nils, far til Signe og Kjellaug. Han var eldst av borna, 19 år. Mellom Rasmus og Sygni ser me Betzy. Veslejenta er Kitty. Ho er no 91 år, og den eldste som lever. Biletet hugsar ho godt, og at ho var midt i tannfellinga. Helga sit bak far min. I bakgrunnen ser me skytja med vindauget til verkstaden. 

Han var nok ikkje gamle karen, far min, då han byrja hjelpa til i fargeriet, nett som dei andre brørne. Dei fann seg etter kvart arbeid i Bergen. Båe døydde unge, på tjuetalet, berre omlag 30 år gamle. 
Far gjekk på handelsskule i Bergen. Deretter fekk han seg utdanning i fargaryrket. Han var eit halvår hjå fargar Berg i Steinkjer der bestefar var innom på si siste stipendiereise eit tiår tidlegare. Far lika seg godt i Steinkjer. Berg var på mange vis ein fargerik mann. Han vart landskjend for sine forteljingar om Martin Kvennavika og karane hans som ferdast rundt heile verda i Surikjekta. Denne skøyta kunne sigla like godt i lufta som på land. 

Fargeribygningane kom bort under krigen i 1940. Einaste minne no er nokre gatenamn, men folket hugsar Berg. Eg spurde ein mann på landbruksmuseet på Egge ved Steinkjer i sumar etter fargar Berg. Han spurte tilbake om eg hadde lagt merke til ein liten bensinmotor mellom dei andre motorane og treskeverka. Han fortalde at Berg tala så varmt om motoren si velsigning at det kom i gang ikkje mindre enn tre motorverkstader på 20-talet, ein av desse laga den vesle motoren ein gong i mellomkrigstida. Det høyrer med til soga at alle verkstadane er borte no. 

Elles fortalde far om ein slede på Snåsavatnet driven av flymotor og luftpropell. Det gjekk ofseleg fort. Nett som bestefar, var far sterkt interessert i teknologi. Båe var dugande i fleire handverk - dei måtte sjølve kunna vøla maskiner og anna i fargeriet. 

Far var også 6 månader i Tyskland hjå Hoechst, ei stor kjemisk verksemd i Frankfurt. Her lærde han å bruka analinfargar,- framifrå fargestoff som er lette å arbeida med. Dei kan blandast i alle nyansar. Det høyrer med til utdanninga å farga ei rad med prøvar. Ullfarging er enklare enn farging av bomull. Då må andre fargestoff nyttast. Etter måten var det svært lite etterspurnad etter bomullsfarging. 

Nemnast skal og at det finst stoff for å trekkja ut fargen or tøy som skal fargast om, noko som er naudsynt når det gjeld lyse fargar. Før far for til Frankfurt, lærde han seg tysk hjå sokneprest Berg. 

Farging med dei nye emna går føre seg ved koking i surt bad. Mengda av fargestoff vert rekna ut som ein prosentdel av tøyvekta. Etter koking i omlag ein time, er så godt som alt fargestoff trekt inn i tøyet og vatnet er mest heilt klårt. For å få fargevatnet surt, vart glaubersalt og svovelsyre, sjeldnare eddiksyre, tilsett. Glaubersalt eller naturiumsulfat er kalla opp etter ein tysk lækjar og kjemikar på 1600-talet. Eg hugsar at når beista på garden fekk vanskar med magefunksjonen, kom folk og kjøpte nokre hekto glaubersalt. 

Sterk svovelsyre er etsande, ho løyser opp alle organiske emne. Syra frys alt ved 10 grader, og det kunne vera vanskeleg å få nok ut or ballongen på kalde dagar. Fargeriverksemda trong fleire kjemiske emne i tillegg til dei som er nemnde, så som sterkt vaskepulver til stampinga, soda til matevatnet åt dampkjelen, rensevesker, og ikkje minst, alle fargane i blekkboksar i fargeskåpet i midtkjellaren. Far innprenta kor farleg nokre av dei var, men det var aldri på tale med lås og slå, slik miljøvernlovene no krev. Far tok over verksemda tidleg på 30-talet. Han held fram nett som bestefar til fargeriet vart lagt ned i 1954. 

Krambua 

Etter at bestefar hadde sett opp fargeribygnaden, innreidde han eit kontor i sørvestre delen av kjellaren under bustadhuset, det som opphaveleg var fargeriet. Ein disk i vinkel delte rommet i to. Innanfor var der hyller og skuffer, og etterkvart fekk rommet eit stort vindauge mot veggen. Her kunne fargeprøver og pakkfargar visast. Tante Aslaug kalla jamt rommet for krambua. Her vart tøy til farging og stamping teke mot, og her vart ferdig tøy lagt i hyllene og seinare levert ut eller sendt med rutebåten. 

Tøy som kom til fargeriet, vart førd inn i dagboka og fekk eit nummer for attkjenning. Nummeret vart sydd inn med bomullstråd og stoppenål i den eine enden. Tala vart noko forenkla, eg hugsar z for 2-tal, x for åttetal og for null. 

Bestefar hadde fleire ombod. Han var soknekasserar, tilsynsmann i fattigstellet, kyrkjeverge og med i leiinga i banken. I disken var det sjølvsagt ein klaff slik at ein kunne gå frå ei side til den andre. Klaffen låg jamt open med baksida ned. Her hugsar eg ei djup grop, som kom frå den tid bestefar karva pipetobakken sin her. 

Far hadde også liknande ombod som bestefar. I 1937 vart han tilsett som heradskasserar. Dette vart etter kvart hovudyrket. Han tok ut den gamle krambuinnreiinga på 1950-talet. Seinare vart heradskasserarkontoret flytta til heradshuset og krambua innreidd til kjellarstove. 

Arbeid i fargeriet. 

Eg hugsar framleis godt arbeidet i fargeriet. Etter kvart hjelpte eg vel til litt. Førebuinga til ein arbeidsdag var viktig. Tøyet til stamping vart målt opp og dei ymse vevane sydd saman til lekkjer. Det vart sett opp ein stampesetel for kvar lekkje, alltid med namn på eigarane på kvar vev. Far visste kva ynskje til den einskilde kunne vera. På same måte vart fargetøyet gjort klart. Det var ofte tøy som nett var stampa, ofte vått. Fargetøyet måtte likevel alltid vegast turt for å rekna ut kor mykje fargestoff, glaubersalt og svovelsyre som skulle til. Dei mest etterspurde fargane var svart, deretter mørkeblått. 

Fleire stykke som kunne ha same fargen, vart sydd saman. Der var og tøystykke som skulle ha andre fargar. Særleg hugsar eg vinraudt, rustraudt og mosegrønt, og desse stykka kunne vera små, heilt ned til nokre få meter. Det vart sett opp fargesetel med vekt, og ofte vart fargane vegne opp og lagt på eit papir dagen før. 

Kapasiteten på fargeriet var så stor at det ikkje vart turvande å ha verksemda i gang kvar arbeidsdag. Kor ofte det skulle vera -fyr oppe-, kunne variera mykje. Etter siste krig gjekk arbeidsmengda fort nedover, frå ein gong i veka til ein gong i månaden på byrjinga av 50-talet. Hadde det samla seg opp mykje arbeid, var det vanleg å ha -fyr oppe- to dagar i fylgd, stamping fyrste dagen og farging den neste. Dei dagane det skulle vera -fyr oppe-, måtte fyrbøtaren,- far, stå tidleg opp og kveikja eld under kjelen. Var kjelen kald, tok det opp til to timar før dampen kom og det var nok trykk til at dampmaskina orka dra stampemaskina. Varmt vatn til den fyrste stampinga om morgonen vart heta i ei bytte med eit damprøyr. Det tok berre eit halvt minutt med eit kraftig bråk då dampen kondenserte direkte i bytta. Stampinga tok kanskje ein halv time for ei heil lekkje, men ein måtte fylgja godt med og ta ut etter kvart den eller dei vevane som hadde fått nok. 

Etter stampinga, som samstundes var vasking av tøyet, skulle det skyljast. Skyljemaskina tok opp til tre lekkjer frå stampemaskina. Tøyet vart skylja i 2-3 vatn. Lekkjene vart lagt opp på trebukkar mellom kvart steg i handsaminga. Før turking, måtte tøyet strekkjast. Dette vart gjort ved å rulla det våte tøyet stramt opp på teinar av 32 mm røyr. Ein rullestol vart nytta, han hadde fleire åsar som tøyet vart tredd mellom fram og attende slik at det vart bremsa opp. Straks føre sjølve opprullinga på teinen låg to breie plankar med skråriller som eit fiskebeinmønster som tøyet gjekk mellom og vart strekt ut i breidda. Tøy som skulle fargast, og også serleg vanskelege vevar, vart rulla opp på særskilte gjennomhola røyr for damping, noko som verkeleg fekk skrukkene bort. Etter to døgn i strekk, eller når dei rullane som hadde vore til damping var heilt kalde, vart tøyet hengt opp til turk på loftet. 
Deretter vart lekkjene tatt frå kvarandre att og kvar vev rulla opp og var ferdig for utlevering. 

Farginga byrja med å gjera klar fargebadet, eller fargevatnet. Fyrst vart vatnet varma opp noko. Fargestoffa vart blanda ut i litt av vatnet, - i eit koparspann for dei store fargekara og i ei koparause for dei mindre. Både ausa og dei små koparfargekara måtte vera reine. Var det turvande, vart dei skura med ei sekkefille med oske frå grua. Tøyet måtte raskt opp i vatnet, det var om å gjera at alt i det minste vart fukta brennkvikt. Så vart vatnet varma vidare opp medan tøyet heile tida måtte vera i rørsle. Kjeppar vart nytta til dei små fargekara. Etter kvar jol kom det ein ny kjepp i fargeriet - frå joletreet. 

Etter omlag ein times koking, kunne tøyet skyljast og hengjast opp til turking. Deretter fylgde pressing og damping som tidlegare nemndt. Å leggja ein pakke til pressa var eit arbeid som måtte gjerast noggrant. Rask og bos var kosta bort med samanbunta og avbarka bjørkeris. Trefliser, bomullstrådar og anna sat ofte så fast at det måtte takast bort med ei nål eller anna høveleg reiskap. Den vanlege ullfargen beit ikkje på bomull. Var det mykje bomullstrådar i veven, vart bomullsfarge tilsett, dermed vart bomulla farga bort og var ikkje meir synleg. Av og til var jarane bretta innover og såpass mykje at knappenåler måtte til for å festa dei rett i papp-platene. Fargetøyet vart sers fint rulla opp på arbeidsbenken i midtkjellaren, pakka inn, og var dermed ferdig. 

Prisane for arbeidet vart fastsett etter vekt for fargetøyet og etter lengd for stampetøyet. Eg hugsar kr 4,- for kvar kilo fargetøy og kr 0,50 for kvar halvmeter stampetøy. For rulling og tilreiing kom noko i tillegg. 
I tillegg til vevane, vart det og farga ein del garnhesper, eg hugsar nokre større parti til Kvinge ullvarefabrikk. Dressar, kåper og andre liknande plagg kom også til farging, helst frå lys til mørk farge. 

Brenne under dampkjelen 

Hadde fargeriet vorte grunnlagt i desse dagar, ville maskinene - stampe, skyljemaskin osb. - hatt kvar sin elektromotor som drivkjelde. Fargekara ville hatt dampoppvarming, men dampkjelen ville sikkert hatt både elektro - og oljefyring. 

For 90 år sidan hadde ikkje bestefar noko val. Rett nok kunne eit stampeverk drivast med vasshjul, men det løyser ikkje oppvarminga av fargekara. Dampdrifta løyste begge desse utfordringane for bestefar, dessutan hadde han fridom til å leggja fargeriet nett der han ville. Ei lågtrykk dampmaskin med friblåsing, det vil seia at avdampen går rett ut i lufta, nyttar ikkje varmen i brennet serleg godt. Berre 15 - 20 % vert omsett til nyttig arbeid. Det trongst såleis mykje brenne, serleg til stampinga. På den andre sida kunne dampkjelen nytta alt som brenn, sjølv om det kunne vera svært så vått, det brann mest like godt. Det beste og rikaste brenslet var steinkol, noko som opp gjennom åra vart nytta mykje av. Nordaust for fargeriet bygde bestefar tidleg eit skur for brennvyrkjet, der var tak over der veden skulle lagrast. Kolet derimot, låg under open himmel. Ein del av veggen i skuret kunne takast bort. Når kolet kom med frakteskute, vart det leigd hestar med køyrar for å få kolet i hus. 

Under siste krig vart vanskane med å få fatt i brenne den største utfordringa for å kunne halde fargeriet i gang. Løysinga vart sagerabb frå Mollandseid, - mestedels frå Duesundsaga, men også noko frå Reknessaga. Eg hugsar mange fine, men strevsame turar med motorbåten og færingen på slep. Rabbet vart fyllt i sekker og deretter vart muleband sett på. Opp til 20-30 sekker hadde me på kvar tur, og alt gjekk med til ein einaste dag med fyr oppe. 
Det hende at sagene på Mollandseid stod i lang tid. Ein gong sanka far einer i marka, men det rakk berre til ein halv dags drift med litt farging og inga stamping. 

Frå snikkarverkstaden på Sandnes fekk far ender og då noko høvelspon, men det var ikkje mykje hete å få or denne sponen. Då Nesehuset skulle rivast, kjøpte far ein del av tømmeret, saga det opp i 2 m lengder og fyra det opp under kjelen. Straks etter siste krig kjøpte far nokre tonn kol under auksjonen etter tyskarane på Matre. 

Sluttord

Marknaden - for å nytta eit ord i tida - for fargeriet på Sandnes, var i hovudsak Nordhordland og Sogn sør for Sognefjorden og austover så langt som til Vik herad. Men det hende at det kom vevar frå ymse stader rundt i landet. Det kunne vera frå utflytte eller andre som hadde fått kunnskap om verksemda. Det vart gjort avtale med kommisjonærane rundt i distriktet, gjerne lokale handelsmenn som tok mot arbeid, sende det til fargeriet og leverte det ut att mot prosentar. 
Brevpapirtrykk frå R. N. Kvamsadals Farveri var i fleire utgåver til ymse tider. Me legg merke til at bestefar nytta riksmål. Han var likevel med i eit målleselag, men det vart aldri til at han skreiv nynorsk i arbeidet så langt eg har funne ut. Far fekk prenta brevark med nynorsk tekst - han rådførde seg i denne saka med Arne Kjos. Eg har berre eit døme - Kvamsdals Fargeri-. 

Det var - og er - vanleg for småindustri at same husa vert nytta både til bustad og verkstad. Dette har hatt mykje å seia for arbeidet i hus og verksemd, også her. Kvinnene i huset passa på å ta klesvasken dei dagane det var -fyr oppe-. Etter at fargeriet vart nedlagt, var det naturleg å ta noko i bruk til bustadføremål. 

Det har vore hugnaleg å skriva ned dette om fargeridrifta på Sandnes. Kanskje vert det høve til å finna ut meir, kanskje reisa til nokre av dei stader bestefar og far vitja på sine reiser for å læra fargaryrket, og finna ut kva som hende med verksemdene. Det er også verdt å nemna at vadmålet no vert etterspurd til mellom anna sportsklede. På Røros er vevstolane i bruk, og der er både stampeverk og fargeri. 

----------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no