Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Attraksjonar
Trodalsamlinga

 


 

Trodalsamlinga
Foto: Scandion

Trodalsamlinga ligg på garden Trodal, 2 km frå Matre, langs E39 mot Sogn. 
Samlinga er desverre stengt for besøk inntil vidare.

På garden sin i Trodal bygde Olav S. Trodal opp eit rikhaldigt gardsmuseum. Sjølve huset er frå 1820 og har to fulle etasjar i ei lengd som gjev plass til to stover, eit kjøkken og eit tilbygg etter kvarandre. Huset er bygt i det ein kan kalle Austlandsstil. Ideen fekk oldefaren, Hans Matre, då han var i militærteneste ved svenskegrensa i 1814. 
Samling syner reiskaper, fangstutstyr, handverktøy, bruksgjenstander, og andre gamle ting datert like tilbake til 1200- talet. 2. høgda har eit eige medierom med gamle avisutklipp m.a. frå frigjeringsdagen. Tre masfjordingar var den gongen austpå, og det vart bygt 4 slike hus i indrefjorden då dei kom heimatt. 
 

I tillegg til huset i Trodalen står det framleis eit på Matre og eit på Hogsvær. Kulturstyret i kommunen har vist interesse for samlinga og har løyvd midlar til både reparasjon av huset og til alarmanlegg. 

Også Fylkeskonservatoren har gått inn for å berge samlinga for ettertida. I juni 1991 var to mann frå fylket i Trodalen i tre veker og utførde gjenstandsregistrering / museumskatalogisering. Nesten tre hundre gjenstandar vart registrert, og dette er omlag halvparten av det som er der. Registreringsarbeidet er planlagt å fortsette i 1992. 

Samlinga er tatt med i oversikt over Norske museum på landsbasis, og har der fått signaturen OTS-samlinga. 


Foto: Scandion

Det er nesten utruleg for eit breidt felt denne samlinga spenner over. Mellom anna finn ein tekstilar som klede, dukar og sjeldne teppe, eit rikt utval av kister og skrin, nesten alle mulige sortar verktøy, kjerald, reidskapar og maskiner, og alt ein trengde for å kunne kara, spinne, renne og veve. Av fangsreidskapar finst det ei sjelden fangstong for storvilt som ulv, gaupe og jerv, ei svanehals - revesaks og to fotsokser. 
 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no