Hovudside
Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal |
Meland
Kultur Kulturminner
|
|
|
|
|
Forfatter: Arne Høyland Publiseringsdato: 01.11.2006 Kulturminne og kulturmiljø er spor etter menneske, ikkje berre fotspor i form av gamle stiar, men spor etter ymse aktivitetar og levemåtar. Eit kulturminne kan såleis vera stort og det kan vera veldig lite. Ein skil og ofte mellom faste og lause kulturminne. FASTE kulturminne er slik som fabrikkar, bygningar, kaiar, vegar og andre faste installasjonar i landskapet. LAUSE kulturminne er alt som er flyttbart slik som fiskereiskapar, båtar, landbruksutstyr og anna lausøyre som menneska har nytta. Landskap med spor etter gamle åkrar, slåttemarker, utslåtter, skogar og t.d. lyngheilandskap er og minne etter ein kultur. Kulturminne er og å finna i sjø og vatn. Alt dette som no er nemd er materielle kulturminne. I tillegg til desse kjem kulturminna som ikkje er materielle
d.v.s. immaterielle. Det kan då vera tru og tradisjonar knytta til
landskapet. Stadnamn er eit døme på eit immaterielt kulturminne.
|
|
Webredaktør: Magne Opdal |