Hagelsundbrua
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.10.2006
Hagelsundbrua går mellom Flatøy i Meland
kommune og tettstaden Knarvik i Lindås kommune. Brua er ei hengebru
med hovudspenn på 250 m. Sidespenna er i spennbetong, kassetverrsnitt.
Totallengde 623 m.
- Før har lindåsingane berre kunna stått
bortpå knausane og sett inn i "det forjettede land". No kan dei vandra
inn i det på nokre minuttar.
Denne humørfylte helsinga til Lindås kom
frå Meland-ordførar Harry Wiig Andersen under opninga av Hagelsundbrua
1. april 1982 kl. 13.30. Det var statsråd Inger Koppernæs som
stod for snorklippinga.
Byggjearbeidet starta i 1979.
Seglingshøgde : 50 meter
Tårnhøgde : 80 meter
Første brua i landet med eit dekke av betongelement.
Del av E 39.
Hagelsundbrua. Foto: Terje Opdal.
Hagelsundbrua. Foto: Terje Opdal.
|