Nordhordlandsbrua
(07.06.2006)
Med ei total lengde på 1614 meter er Nordhordlandsbrua
Noregs nest lengste bru, og verdas lengste flytebru uten sideforankring.
Den går over Salhusfjorden mellom Flatøy i Meland kommune
og Klauvaneset i Bergen kommune.
Hurtigruteskipet «Polarlys» passerer Nordhordlandsbrua.
Foto: Terje Opdal.
Brua er sett saman av ulike konstruksjonar; frå
Klauvaneset ei 346 meter lang skråkabelhøgbru med hovudspenn
over skipsleia på 172 meter som heng frå eit tårn på
99 meter. Seglingshøgda er 32 meter.
Brua består vidare av ei 1246 meter lang flytebru
i stål som kviler på pongtonger av betong. Hovudelementet i
flytebrua er ein 15,9 meter brei stålkasse som kviler på 10
pontongar av lettbetong.
Kvar pontong er 42 meter lang og 20,5 meter brei, avstanden
mellom dei er 113,25 meter. Brua er spent i ein horisontal boge med ein
radius på 1700 meter frå landfestet på Klauvaskallen
til landfestet på Flatøy. Det har gått med ialt 14.000
tonn konstruksjonsstål til Nordhordlandsbrua.
Kjørebanebreidda er 8,5 m. I tillegg er det ein
3 meter brei gang og sykkelveg.
Brua vart opna av kong Harald V fredag 22. september 1994
kl. 12.07 - og er ein del av europavei 39.
Foto: Scandion.
Historikk
Planar om ein bruforbindelse mellom Bergen og Nordhordland
vart lufta alt på 1960-tallet, men knallhard politisk dragkamp førte
til at det tok nesten 30 år før brua sto ferdig. Brua fekk
frå først av namnet «Salhusbrua», men vart endra
kort tid før åpninga.
Nordhordlandsbrua erstatta landets største ferjesamband
(tal bilar) mellom Knarvik i Lindås kommune og Steinestø i
Bergen kommune Etter det har trafikken auka år for år.
Største delen av prosjektet har vore bompengefinansiert.
Alt i 1956 begynte brukarane av ferjeforbindelsen mellom Knarvik og Steinestø
å betale bompengar. Den gang var det fergekaien i Knarvik, og veien
mellom Lindås kommune og Radøy som skulle dekkast inn. Då
planar om bru over Salhusfjorden kom på bordet, vart det i 1969 avgjort
at billistane skulle halde fram med å betale bompenger.
I 1997 måtte utbyggjarane av brua tåle kraftig
kritikk frå Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité
på grunn av store budsjettoverskridingar.
31. desember 2005 vart innkrevjinga av bompengar avslutta
og bilistane kunne reise gratis over brua. I løpet av 11 år
har 33 millionar køyretøy betalt i alt 1372 millionar kroner
i bompengar - medan Stortinget bevilga 41 millionar til brua.
Kjelde:
nordhordland.no
wikipedia.org |