Slottet
Slottet, Modalen sin mektige "preikestol", ligg ca 3 kilometer
utover fjorden frå Mo, ved RV569 - til eller frå Romarheim.
Den særeigne fjellformasjonen er knapt 260 meter
høg - med eit fritt fall på 180 meter.
For å nå toppen må du rekne ein times
fottur frå Stokkevika, via Hestabotn der stien deler seg. Begge ruter
går til toppen.
Tek du stien mot fjorden er utsikta over Mofjorden storslått.
Tunnelen "Slottsporten" (950 meter) går gjennom fjellet.
Foto: Scandion. |