Mo
kyrkje
Tekst og foto: Scandion
Mo kyrkje vart vigsla 11. juli 1883 av biskop Fredrik
Waldemar Hvoslef (f. 1825 - d. 1906)
Kyrkja har 224 sitjeplassar -
182 på golvet og 42 på galleriet.
Litt historikk
27. september 1875 hadde biskop Peter H. Graah Birkeland
(f. 1807 - d. 1896) visitasmøte i Hosanger, og etter vanleg ordning
skulle det seiast frå om tilstanden i kyrkjelyden - og kva stand
kyrkjene var i.
Konklusjonen vart at "Mo kirke og Flatekvals kapell ere
begge for små, men ere brugbare for tiden indtil nye kirker kan blive
opført".
To år etter, 6. august 1877, kom prosten på
besøk til Mo. Ærendet var å sjå over kyrkjehuset
- om det stetta krava i ei lov frå 1851. Lova kravde at ei soknekyrkje
måtte ha plassar til 3/10 av folket i soknet. Skulle lova fylgjast
trongst det sitjeplassar til 248.
Innan neste bispevisitas i september 1879 har både
kommunen og stiftsdireksjonen arbeidd vidare med kyrkjesaka og ein gjekk
då inn for å byggje ny kyrkje.
Den 25. november 1881 har kommunestyret valt byggjenemnd
som så tinga teikningar til den nye kyrkja. For kr. 12000,- tok kyrkjebyggjar
Mons Skare på seg å byggja kyrkja etter teikningar som byggmeistar
Johannes Øvsthus i Hosanger hadde gjort.
Det blei litt att og fram om val av tomt, men den 17.
april 1882 gav stiftsdireksjonen løyve til byggje den nye kyrkja
på ei tomt nær den gamle - som vart bygd i 1593. Siste preika
i gamlekyrkja heldt sokneprest Schøning pinsedag 13. mai 1883. Etter
det gjekk det ikkje mange dagane før kyrkjehuset låg i bitar
på tufti si.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelde: Kyrkje og kristenliv i Modalen og Eksingedalen
(1983) av Olav Farestveit/Åsmund Farestveit. |