Kraftutbygging
Foto: Scandion
Kraftutbygging og verneinteresser har stått mot
kvarandre i Stølsheimen. BKK tok til med kraftutbygging i Steinslandsvassdraget
i 1976. Denne utbygginga var ferdig i 1981. Seinare har Hellandsfossen
og vorte bygd ut. Her er det nytta eit nytt damsystem, ein gummibelg som
regulerer seg i forhold til vannstanden. Dette inntaket ligg ved vegen.
Åsebotn-utbygginga er og avslutta, og Nygard pumpekraftverk,
som den førebels siste kraftutbygginga i området, vart sett
i drift i 2005.
Omlag 10% av Bergen by sitt kraftforbruk vert produsert
i desse utbyggingane som har ført til arbeidsplassar og inntekter
til Modalen.
Samla produksjon ved dei fire kraftverka i Modalen ; Hellandsfoss,
Nygard, Steinsland og Åsebotn er 1057 GWh. Det tilsvarer straumforbruket
til 52800 husstander.
Foto: Damsystem, der ein gummibelg regulerer seg i forhold
til vass-standen.
FAKTA OM BKK
Stifta i 1920
Eit av Noregs største selskap innanfor produksjon,
engros-omsetning og transport av elektrisk kraft.
Produsere ca 5 % av landets totale vasskraft
Landets nest største distribusjonsselskap og femte
største produsent.
BKK er eigd av Statkraft og 17 kommunar på
Vestlandet; Bergen, Askøy, Lindås, Fjell, Sund, Kvam, Meland,
Radøy, Voss, Øygarden, Austrheim, Vaksdal, Gulen, Høyanger,
Fedje, Masfjorden og Granvin. |