Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Samferdsle

   

   
Samferdsla før og no
Foto: Sandion.

Dersom du kjem til Modalen kommune sjøvegen, kan du oppleva den særmerkte Mostraumen, og fjellformasjonen Slottet på veg inn fjorden. 

Frå dei eldste tider har sjøvegen vore livsviktig for Modalen. Når modalingane skulle selja varer eller hadde andre ærender til byen, måtte dei bruka robåten. Det var ei ferd som tok omlag 12 timar i godt ver. Så kom dampbåtane, sjøbussane og ferjene. 

No har Modalen fast vegsamband til Bergen og Voss gjennom den 3,5 km lange tunnellen til Eksingedalen - og vegen via Romarheim. Reisetida til Bergen og Voss er ca. 1,5 time 
 

I 1996 vart det opna ny veg frå Mo til Romarheim. Frå Mo til E39 på Romarheim er køyretida ca. 15 min. Modalen har no eit godt samband til dei to hovudvegane på Vestlandet. Frå Mo til Bergen er det 83 km. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal