Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Mo skule
 

 

 
Mo skule
Foto: Scandion

Mo skule er ein 1-10 skule med ca. 53 elevar. 

Mo skule har fokus på :
læring – kunnskap – kompetanse – vurdering. 

Skulen er også hovudbase for skulefritidsordninga, kulturskulen og vaksenopplæringa i kommunen. 

I 1966 vart det gjort vedtak om å innføre 9-årig obligatorisk skule i Modalen. 10 år seinare, i 1976, hadde ein ferdig ein finansieringsplan for ein ny Mo skule med helsesenter - kostnadsrekna til 6,3 millionar kroner. Året etter kom bygginga i gang, og 28. april 1978 vart det halde kranselag på nybygget.

25. oktober 1979 vart den nye skulen på Mo innvigd. Her var både skule, idrettshall, symjehall og helsesenter samla under eitt, på ein god og praktisk måte.

Kronprinsesse Sonja var til stades og kasta glans over høgtida. Ordførar Johannes Mo ynskte kronprinsessa velkommen med desse orda : "Dette er ein eventyrleg dag for Modalen, ein merkedag i bygda si soge. Me set svært stor pris på at kronprinsesse Sonja kom til bygda og vil vera saman med borna denne store dagen."

I god tid i førevegen hadde skuleborna skrive brev til kronprinsessa og bede henne koma til Modalen når den nye skulen vart innvigd. Få hadde vel rekna med at ho hadde tid til det. Men underet hende: Kronprinsessa takka ja til innbydinga. Dermed vart det ein festdag som Modalen knapt hadde hatt maken til.

Sjølve opningstalen for den nye skulen vart halden av skuledirektør Per Kvist.

I 1987 vart skulen utvida med eit nybygg til om lag 1,7 millionar kroner.

Kjelde: Johannes Farestveit - Bygdebok for Modalen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal