Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Odda
Arrangement
 

 

   
Arrangement i 2008

Kraft- og industrisamfunnet Odda hundre år!  

4. mai 2008 er det 100 år sidan Tyssedal Kraftanlegg leverte elektrisitet til storindustrien i Odda. Bondesamfunnet og turistbygda inst i Hardanger endra seg radikalt på rekordtid. Odda vart ein liten by, med gatelys og moderne bustader. 

Odda kommunestyre har tatt initiativ til å markera jubileet. Lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar er inviterte til å utforma programmet for jubileumsåret. 

2008 vil vera jubileumsåret i Odda. Hovudmarkeringa blir den første delen av mai. Gjennom året blir det arrangement med blikk på både historia, mangfaldet og kvalitetane i dagens samfunn og utfordringar framover. Her blir det noko både for store og små, fastbuande og besøkande... 
 
 

  

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal