Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Arrangement
Radøyhallen

 

 
Radøyhallen
(10.07.2006)
Radøyhallen. Foto: Radøy kommune. 

Radøyhallen er eit kommunalt anlegg med idrettshall og to sømjebasseng, og kan tilby eit allsidig utval av aktivitetar. 

Radøyhallen er lokalisert sentralt på Manger, kommunesenter i Radøy, og ligg tett opp til Radøy Ungdomsskule og den nye kunstgrasbana i Grønålen. 

I nærområdet finn ein også eit idyllisk naturområde med mellom anna fiske -og badevatnet Nesvatnet og grønne naturareal. 

For å finne fram følgjer du riksveg 565 over Radøy og følgjer skilting til Manger etter det. 

Radøyhallen vart offisielt opna 1. januar 1988 og har sidan ytt eit breitt service-tilbod til publikum og lag og organisasjonar i og utanfor kommunen. 

Idrettshallen nyttast flittig av lag og organisasjonar, og i tillegg også til spesielle arrangement slik som dansegallaer, stemne, utstillingar og liknande. I vassenden av hallen finn ein hovudbassenget på 25 meter og 28 grader varmt. I tillegg finst det også eit terapi-basseng med 34,5 grader som er ope i skuleåret. 


Radøyhallen. Foto: Radøy kommune. 

Bassenget 
Sømjebassenget er 25 meter langt og 12,5 meter breitt, med ei djupne på 1,8 meter. På det grunnaste er bassenget 0,9 meter. 

Vatnet held komfortable 28 grader, og bidrar til ei behagelig sømjeoppleving. 

På bassengkanten finn ein serviceinnstilte badevakter som vil kunne hjelpe med dei fleste spørsmål som du måtte ha. 

Badeleikar av ulike slag, flytebrett, baderingar og andre flyteinnretningar er fritt tilgjengelig for dei som måtte ønske det. Urverk for svømming på tid kan nyttast. 

Symjebasseng : 25 x 12,5 m, 28 grader C 
Terapibasseng : 4 x 7 m, 34,5 grader C 
Idrettshall : 22 x 44 m, Tribune : 350 personar 
Scene : 80 kvadratmeter, 500 stolar 
Solarium 

Kjelde: radøyhallen.no 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal