Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Attraksjonar
Bogatunet

 

    
Bogatunet
Informasjon: Radøy kommune.
(30.09.2006)
  
Busetjinga på Boga har nøye samanheng med måten ein livberga seg på. Ein utnytta naturresssursane frå jorda og havet. Kulturlandskapet på Boga med innmark, utmark, steingardar, vegar, kaiar og bygningar vitnar om dette. 

Delar av denne bygninga er svært gamal, truleg går den attende til 1500-eller 1600 talet. Den er bevart i sitt opphaveleg miljø. Det samanbygde huset inneheld dei fire delane: Eldhus, røykstove, bu m/loft og glasstove. 

 
Glasstova er yngst og er frå byrjinga av 1800-talet. Loftet over bua vart bygt kring 1735. Det vart rive i 1905, seinare vart det rekonstruert. Tidlegare var det svaler kring huset, desse er borte. Huset viser trekk frå den mellomalderlege byggeskikken i det nordatlantiske kulturområdet. Det er svært få slike bygningar bevart i kyststroka i Vest-Noreg. 

I røykstova er det ei dekorativ bord, som går langs det øvste stokkelaget, heile stova rundt. Den er teikna opp med ei blanding av kritt, kalk og vatn. Slike opprissingar vart kalla kroting. Når stova var vaska og stokkane sandskurde til fest eller høgtid var det vanleg å krota på veggane. Dette er ein skikk som truleg går langt attende i tida. Mønsteret var gjerne geometriske figurar, valknutar, rosettar o.l. og liknar på mønsteret på gamle åklede. 

Det er svært sjeldan at kroting er bevart. Grunnen til at det er bevart på Boga er at den gamletradisjonsrike borda vart overmalt med oljemaling tidleg på 1900-talet. 

Det er bevart inventar i bygningen, og den var i bruk som bustad til i 1920-åra. Her er dessutan samla inn ein del gjenstander som er utstilte i glasstova og på loftet. 

Løa og steinkjellaren 
Det er dessutan ein steinkjellar og ei rekonstruert løe på tunet. Trass i at ein del detaljopplysningar manglar, er løa søkt rekonstruert etter ei løe som sto her i perioden 1870 til byrjinga av 1900-åra. Det er ei utstilling av jordbruksreiskaper i løa. 

Nausta 
Like nordvest for Bogatunet ligg eit gamalt naustmiljø. Desse nausta er private og høyrer til dei enkelte bruka på Boga. Fiske har vore ein viktig del av livsgrunnlaget. 

Slik kjem du til Boga 
Boga ligg inst i Mangerfjorden, nokre km sør for Manger. Kjem du sjøvegen, kan du leggja til ved den gamle rutebåtkaien på Boga. Kjem du køyrande i bil tek du av i Kolstad-krysset, eit lite stykke sør for Manger og køyrer mot Kviste. 

Omvisning etter avtale 
Bogatunet er opent kvar sundag i juli og august frå 14 - 19, eller etter avtale. 
Pris: Voksne kr 20,- Barn kr 10,-. Familierabatt. Guiding etter avtale. 
For mer informasjon: Bogatunet tlf. 56 37 32 73 / 56 37 32 76 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal