Hordabø kyrkje
Forfattar: Ukjent. Foto: Scandion.
Kyrkja som i dag står på Bø, vart bygd
i 1875. Ho var teikna av Jacob Wilhelm Nordan og bygd av byggmeister Jon
Jonsen Alvær. Kyrkja har 400 plassar. Då kyrkja vart bygd,
heitte soknet Indre Bø sokn, medan Hjelme i Øygarden var
Ytre Bø sokn.
HISTORIE
Ein reknar med at det har vore kyrkje i Bø sokn frå
tidleg på 1300 talet. "Bæjar kirkja" er nemnt i gamle skrifter
frå 1360 - talet. Mange døydde i svartedauden i 1349 - 1350.
Store område vart lagde øyde, bygdene vart utarma og kyrkjene
forfall. Det vart neppe bygt ny kyrkje på Bø i dei første
tiåra etter Svartedauden. Folket var ikkje i stand til det. Det er
såleis rimeleg sikkert at den første Bøkyrkja er frå
før Svartedauden.
Før Bøkyrkja kom, reiste folk til Manger
til messe, før det att til Hamre. Dette var lange reiser, så
folk samlast også til messe utandørs i heimbygdene sine. Det
vart difor i tidleg kristen tid sett opp krossar på høvelege
møteplassar. I Bø sokn har ein enno stadnamnet KROSSEN, der
folket samlast til messe. Staden låg midt mellom vestebygda og austebygda
og var såleis veleigna som utandørs messestad for heile soknet.
Den første kyrkja var ganske sikkert ei stavkyrkje.
Kyrkja vart riven tidleg på 1600-talet. Ho vart erstatta av ei lita
tømmerkyrkje med tårn. Den nye kyrkja var i bra stand innvendig.
Ho var måla, men elles "meget brøstferdig". Vedlikehaldet
vart etterkvart dårleg og kyrkja forfall meir og meir.
I 1830-åra er Bø Annexkirke nemnt som "en
tømret, mørk Kirke; meget forliden til den store Folkemængde
som dertil sogner".
Kyrkja som i dag står på Bø, vart bygd
i 1875. Ho var teikna av Jacob Wilhelm Nordan og bygd av byggmeister Jon
Jonsen Alvær. Kyrkja har 400 plassar. Då kyrkja vart bygd,
heitte soknet Indre Bø sokn, medan Hjelme i Øygarden var
Ytre Bø sokn. Dei to kyrkjesokna fekk ny kyrkje same året.
Kyrkjene vart vigsla av prost Hveding dag etter dag i august 1875, - Hjelme
kyrkje 4. august og Bø kyrkje 5. august.
Namnet HORDABØ er frå 1924 då den nordre
luten av Radøy vart eigen kommune. Kommunenamnet Bø var alt
nytta i Bø i Telemark. For å unngå forveksling vart
difor nynamnet HORDABØ laga som kommunenamn. Seinare har også
kyrkja heitt Hordabø kyrkje.
Kyrkja fekk ny altertavle i 1891 måla av kunstnaren
H. Nicolaisen.
I 1915 fekk kyrkja orgel. Det vart levert av Landråk
Olgelfabrikk i Haugesund. I 1987 vart orgelet skifta ut og eit nytt frå
Jehmlich Orgelbau i Dresden vart sett inn.
Kyrkjeklokka er frå 1962, støypt hjå
O. Olsen & Søns klokkestøyperi i Tønsberg. Den
er på 270 kg og har innskrifta:
LAND LAND LAND HØYR HERRENS ORD! |