Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Lokalhistorie
Nøtlevåg

 

    
Nøtlevåg
Forfattar: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 23.11.2006

Då bygdemeieria hadde si oppblømingstid i slutten av 1800-talet - og fyrstninga av førre hundreåret, vart det bygd meieri i mest kvart bygdelag som låg mot fjorden. Einskilde bygder hadde alt ein brukbar kai då meieriet vart bygd, andre bygde 
kaien samstundes. 

I Meieribruket i Hordaland står det at Nøtlevåg meieri vart skipa i 1896. Det gjekk vel gjerne eit år eller to frå skipinga til meieriet stod ferdig, noko som var vanleg andre stader. Men meieriet vart i alle høve bygt før århundreskiftet. 


Nøtlevåg er ein av dei gamle dampbåtkaiene som dei færrast no legg merke til. Bilete viser D/S «Herdløfjord», bygt i 1907 og seld i 1950 - liggjande ved kaien. Eigar av bilete: Per Arne Krokås, Strusshamn. 

Sjølve Nøtlevågen er ein smal tarm som skjer seg inn i landet, og etter det professor Oddvar Nes ved Nordisk Institutt meiner, kan namnet tyda - ein våg der det veks nesler rundt. Planta nesle vert også kalla notla, og i Nordhordland gjerne nøtla. For oss var dette nytt, og vi takkar for opplysninga. Sjølv hadde vi vore inne på tanken not eller nøter, og at det var ein våg der det vart gjort steng. 

Vi har ofte spurt oss sjølve kvifor meieriet vart lagt her og ikkje på Askeland, som for oss tyktest vera ein meir høveleg stad. Men det har visseleg sine naturlege grunnar, og vi kan tenkja oss at opplandet rundt - eller nedslagsfeltet, om ein vil kalla det slik - har vore avgjerande. 

Hadde vi no vore mykje lærde og skrive «fint», ville vi truleg ha brukt ordet «influensområde». Slike ord klør i øyro, og vi veit med ein gong at den som brukar dei har - ein gong sett i bok -, som han sa mannen. 

Staden Nøtlevåg - som i dei reisande sine augo kunne sjå ring og lite påakta ut, har eit stort oppland. Vi nemner i fleng av gardane; Olsvoll, Tolleshaug, Dale, Taule, Vågstøl, Askeland, Namtveit, Kolås, Brattetaule, Marås, Haugstad, Halland, Sævdal og Lervik leverte mjølka si dit. 

Frå dei næraste gardane vart mjølka boren på ryggen til meieriet, og mange store tankar vart tenkte av unggutane under den meir eller mindre tunge mjølkebyrda, medan fatlane skar seg inn i mange guteskuldrar. 

Dei som budde lenger borte danna køyrelag, og der kunne bøndene på fleire gardar slå seg saman slik at dei slapp køyra til meieriet meir enn tre - fire dagar i månaden. Det var til vanleg innlevering både morgon og kveld, så mykje av dagen rauk til dei dagane dei hadde mjølkekøyring. 

Men det mest avgjerande for at meieriet vart bygt i Nøtlevåg er truleg det gode hamnetilhøvet. Her kunne båten liggja trygt under innlastinga, kor uroleg veret enn munde vere. Mølka var inntekta og levevegen, og difor var det viktig å få henne av garde til byen utan å spilla ein drope. 

Dessutan - og det var gjerne endå viktigare - ligg det eit vatn i nærleiken av Nøtlevåg. Dette vatnet - eller tjørna - gav is vinterstid til avkjøling av mjølka i den varme årstida. Isen var ein viktig faktor. Var det milde vintrar kunne det vera eit hovudbry for meieristyret og isaformannen kvar dei skulle skaffa isen frå, for utan is vart det inga mjølkelevering om sumaren, og då vart det heller ikkje innkome. 

Vi er difor visse på at tunge byrder fall av skuldrane på bøndene den dagen ishuset var fullt, og isen kunne dekkast med bork og anna isolasjonsmateriale. 

Kaien, meieriet og handelsbua var ikkje lite av eit kultursentrum i bygdene. Her møttest folk kvar dag, her utveksla dei tankar og meiningar, og her frette dei nytt frå dei andre gardane. 

I Nøtlevåg skipa bygdefolket sitt eige handelslag som fekk namnet Nøtlevåg handelslag, og det vart opna den 2. januar 1920. Etter at båtane slutta å gå dit, vart handelslaget flytta til Lunde, og fekk då namnet Radøy Samyrkelag. Det er i full drift den dag i dag (1988), og styraren - Georg Dalland - har nett fått Norges Vels Medalje, og heidersteikn frå Norges Kooperative Landsforening for trufast teneste gjennom 40 år. 

Når det gjeld meieriet, så vart Nøtlevåg meieri - slik dei andre småmeieria - råka av sentraliseringstanken og store einingar. I 1953 vart meieriet lagt ned, og mjølka overførd til Manger. 

Manger Meieri som overtok heldt til på Manger kai, men alt ved påsketider i 1964 stod det nye stormeieriet oppe ved hovudvegen ferdig, og det fekk namnet Radøy Meieri. 

Etter flyttinga til Manger var ryggbering og hestekøyring av mjølk slutt. No vart mjølka send med bilar, og i mange år var mjølkekøyring frå produsent til meieria ei god inntektskjelde for selskapet vårt (BNR). 

Men etter kvart vart all mjølkelevering i spann slutt, så no har kvar gardbrukar sin eigen mjølketank der mjølka vert kjøld ned, og henta inn til meieriet tredjekvar dag. 

Jau, tidene har i sanning endra seg. 
----------------------------------------------------------- 
Denne artikkelen er henta frå BNR-nytt nr. 2 1988 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal