Kongens fortenestemedalje
(19.11.2006)
Kongens fortenestemedalje vart stifta i 1908 av kong Haakon
7. til belønning for fortenester innan kunst, vitenskap og næringsliv,
samt for utmerka forhold i offentleg teneste. Medaljen vert utdelt i gull
og sølv.
2006
Ingvard Fykse blir tildelt Kongens fortenestemedalje
i sølv for sin store innsats for kyrkja og nærmiljøet.
Fykse har arbeidd som prest i 38 år og søndag 11. september
2006 tok han avskjed med kyrkjelyden på Radøy. Ordførar
Olav Steinar Namtvedt kunne under avslutningsfesten på Smits pensjonat
overrekkje diplom og medalje til Fykse, som no startar på pensjonistlivet.
2006
Karstein Vågenes blir tildelt Kongens fortenestemedalje
i sølv for bl.a. sin innsats med produksjon av vidofilmar i serien
«Vestaver», der folk frå distriktet fortel om sine opplevingar
under andre verdskrig. Han stod også i spissen for å få
reist ein bautastein på Kvalheim til minne om dei som drog over havet
til Shetland under krigen for å delta i motstandskampen. Fylkesmann
Svein Alsaker overrekte medaljen under ein seremoni i Bergen 25. august.
2005
Sigmund Maraas vart fredag 20. mai heidra med Hans Majestet
Kongens fortenestemedalje i gull for langvarig samfunnsgagnleg teneste,
mellom anna som områderektor ved Friundervisninga i Bergen. Medaljen
vart delt ut av fylkesmann Svein Alsaker under ei tilstelling ved Grand
Hotel Terminus i Bergen.
2005
2. mai kunne Georg Dalland (83) ta imot Kongens fortenestemedalje
i sølv for sitt politiske engasjement og for sin innsats for samvirkelaget.
Assisterande fylkesmann Johan B. Synnevåg stod for utdelinga av medaljen.
2004
7. juni fekk overjordmor Mary Marøy Kongens fortenestemedalje
i gull. Medaljen vart delt ut på Kvinneklinikken i Bergen av assisterande
fylkesmann Johan B. Synnevåg. Det vart spesielt framheva hennar store
innsats for foreldre som mista sine born før og etter fødslane.
2004
Trygve Urhaug får Kongens fortenestemedalje i sølv
for stor innsats i samfunnsnyttig arbeid gjennom mange år. Urhaug
fekk tildelt medaljen under årets Utvandrarfestival på Sletta.
2003
Oddmund Skjelvik får Kongens fortenestemedalje
i sølv for sin innsats knytt til kulturarbeid, politikk og aktivitetar
innan idrettsliv og kristent arbeid. Tildelinga fann stad i Emigrantkyrkje
på Sletta fredag 28. februar av fylkesmann Svein Alsaker. Oddmund
Skjelvik har vore og er den viktigaste drivkrafta som har gjort det mogeleg
å få reist Vestnorsk Utvandringssenter.
|