Miljøprisen
(30.05.2007)
Retningslinjer for miljøprisen: I 2000 oppretta NGIR
eit miljøfond, der delar av fondet kunne gå til ein miljøpris.
Prisen er eit av fleire verkemiddel i arbeidet for å redusera avfallsmengdene.
Juryen bestod av representantar frå NGIR, Naturvernforbundet i Nordhordland,
Handverk- og industrilaget og Nordhordland avis. Prisen skal ha ein verdi
på inntil kr 30.000,-.
2007: Knarvik Industri og Miljø
Grunngjeving: KIM får NGIR sin miljøpris
for sitt arbeid for avfallsreduksjon og gjenvinning. Avfallsmengdene i
samfunnet vårt aukar år for år, og juryen meiner det
er prisverdig det KIM har fått til med sin gjenbruksbutikk. Her kan
ein kvitta seg med ting ein ikkje lenger treng, og samtidig gje andre sjansen
til å gjera eit godt kjøp.
Fullt brukbare ting utgjer diverre i dag ein stor del
av hushaldningsavfallet vårt, og våren er høgsesong
for unødig kasting. Dei færraste er klar over miljøkonsekvensane
av det dei kastar, og difor er det viktig at KIM går i framgrunnen
og set fokus på gjenbruk og avfallsreduksjon. KIM er i dag med på
å bidra til at stadig fleire gjev vekk brukbare brukte produkt framfor
å kasta dei.
2006: Frank Mohn AS
Grunngjeving: «Frank Mohn AS har på ein grundig
måte teke fatt i utfordringane med å få til kjeldesortering
i ei verksemd med mange tilsette. Dei har analysert kva avfall dei har,
informert i møter internt, og tilrettelagt skreddarsydde sorteringsstasjonar
for heile verksemda. Resultata til no er «best i klassen» og
viser at med god tilrettelegging, informasjon og dei rette folka til å
motivera, får ein til mykje på kort tid.
Frank Mohn har eit «ryddig» omdømme,
og ei vitjing i dei mange produksjonshallane viser at verksemda har ein
kultur for å tilretteleggja for HMS. No har dei gjennom denne prosessen
vist at dei og har kvalitetskrav til avfallet dei produserer, og korleis
dette vert handsama vidare.
Frank Mohn har søkt råd og rettleiing for
å leggja til rette for sitt eige interne avfallssystem. Dei har gått
systematisk til verks og teke utgangspunkt i avdelinga på Flatøy
før det vart vidareført til avdelinga på Mongstad.
Slik fekk dei høvet til å tilpassa systemet internt og gjera
mindre endringar før dei innførde det fleire stadar. Med
ein gjenvinningsgrad på over 70% er Frank Mohn AS i ypperste klasse
når det gjeld avfallshandsaming.»
2005: 13 skular i NGIR-regionen - Hald Noreg reint
Grunngjeving: 13 skular og i alt 1033 elevar gjorde ein
stor innsats under den nasjonale Hald Noreg reint-kampanjen våren
2005. Ved å organisera ryddedagar tok desse ansvar og rydda skulane
sine nærmiljø. Den lokale kampanjen i NGIR-området var
ein del av NGIR sitt haldningsskapande arbeid overfor born og unge. Gode
haldningar må som kjent skapast i ung alder for at ein skal få
miljøbevisste vaksne. Dei skulane som melde seg på kampanjen
tok utfordringa på strak arm og mobiliserte til eit miljøarbeid
som mange har glede av.
2004: Jotun AS, Manger
Grunngjeving: Jotun AS, lokalisert på Manger, får
NGIR sin miljøpris for 2004 for å ha vist ein heilskapleg
miljøprofil over fleire år. Ei verksemd som arbeider med kjemiske
prosessar må vera budd på å tola innsyn, både frå
det offentlege og naturvernorganisasjonar. Jotun viser med sine kvalitetssikringssystem
og si oppfylgjing av desse ein veldriven organisasjon som haustar godord
i breie lag. Vinnaren tek avfallshandsaming på alvor, og har i tillegg
arbeidd godt med HMT (helse, miljø og tryggleik).
2003: Knarvik Senter
Grunngjeving: Knarvik Senter har over tid arbeidd systematisk
for å leggja til rette for kjeldesortering og bevisstgjering om avfallsproduksjon.
Dei har ressurspersonar både i vaktmeister og senterleiar som med
stort engasjement fokuserer på haldningar og resultat på dette
området, og påverkar mange i sitt daglege arbeid. Dette gjer
seg utslag i gjenvinningsgraden, dvs. del av avfallet som går til
gjenvinning, som er i særklasse for å vera ein handelsstad,
i tillegg til reduksjon i avfallsmengdene, dette i forhold til omsetnad.
2002: Radøy Kirkelige fellesråd
Grunngjeving: Radøy Kyrkjelege Fellesråd
har vore ein drivande faktor for miljøarbeid over tid. Dei har vist
eit engasjement, både internt og utad, som set miljøarbeidet
inn i ein forbiletleg heilskap. Av særskilte tiltak vert fylgjande
framheva; økologisk drift av kyrkjegardane, kompostering av avfallet
på kyrkjegardane, ei eiga miljøside i kyrkjelydsbladet og
at dei gjennomfører eit samarbeid med Miljøheimevernet sine
«grønne menigheter» har sett fokus på innkjøp,
haldningar om forbruk og korleis avfallshandsaminga frå kyrkjegardane
og kontordrifta kan betrast.
2001: Finn Clausen Fossafe AS, Fammestad.
Grunngjeving: Finn Clausen Fossafe har klart å
redusera avfallsmengda, hovudsakleg gips, med meir enn 50% ved å
endra på produksjonsmetodar og innkjøpsrutinar. I tillegg
driv verksemda med full kjeldesortering.
|