Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Vaksdal
Kyrkja
Eksingedalen kyrkje

 

   
Eksingedalen kyrkje
Tekst og foto: Scandion
Publiseringsdato: 16.08.2006

Eksingedalen kyrkje, på Flatekvål i Vaksdal prestegjeld, er mura av gråstein og bygd i 1881, innvigd i 1883. Kyrkja, med 120 sitjeplassar, er teikna av arkitekt Eckhof. Byggmeistar var Anders Johannesson Lavik. 

Altertavla har maleri av den gode hyrde, signert Gundersen 1960. Kyrkjeklokka er frå 1882 og orgel frå Norsk Orgel og Harmoniumfabrikk 1986. 

Døypefont frå 1739 er frå eit tidlegare kapell, bygd på 1700-talet. 
 
 

Nils A. Lavik 
Utanfor kyrkja står eit minnesmerke over Nils A. Lavik. (08.01.1884 - 15.07.1966). Lavik var bonde, lekpreikar og bibelskulestyrar. I åra 1934-53 var han stortingsmann - og Kristeleg Folkeparti sin første stortingsrepresentant. 


Minnesmerke over Nils A. Lavik. Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal