Andre verdskrigen
( 18.06.2006 09:41 )
Den andre verdskrigen var den mest omfattende militære
konflikta i verdshistoria. Krigshandlingar skjedde i fleire verdsdelar
samstundes. Krigen kosta kring 55,5 millionar menneske livet. Krigen i
Asia byrja med Japan sitt forsøk på å leggja under seg
delar av Kina i 1931. I Europa braut krigen ut i 1939. Tyskland gjekk til
åtak på Polen.
Aksemaktene var Tyskland, Italia, Japan og deira allierte.
«Dei allierte» var i all hovudsak Storbritannia, USA, Sovjetunionen
og Kina. Krigen enda med Japan sin kapitulasjon 2. september 1945. Sambandsstatane
(USA) hadde sluppe atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki,
og utrydda hundretusenvis av japanske sivile.
Dei skandinaviske landa var nøytrale. Tyskland
gjekk til åtak på Noreg og Danmark i byrjinga av april 1940.
Tilsvarende vart Island, Færøyane og Grønland (danske
koloniar) hærsett av dei allierte.
Finland måtte først forsvara seg mot sovjetisk
åtak under Vinterkrigen vinteren 1939-40, noko dei gjorde godt og
fekk mykje sympati for. Men dei finske leiarane allierte seg så med
nazi-Tyskland i det finnane kallar «Framhaldskrigen» mot Sovjetunionen
frå sommaren 1941, der dei ikkje berre tok att tapte område,
men dreiv krigføring langt inn på udiskutabelt sovjetisk område
ilag med dei nazistiske styrkane. I 1944 trekte Finland seg frå denne
svært uheldige alliansen med Adolf Hitler, og utkjempa Lapplandskrigen.
Finnane fekk til ein etter måten gunstig fredsavtale med Sovjetunionen
som gjorde at finsk sjølvstende og demokratisk styreform vart bevart.
Men dei måtte gå med på nokre grenseendringar (som blant
anna gjorde at Noreg fekk felles grense med Sovjetunionen.
I Europa var berre Sverige, Irland, Sveits, Portugal og
Spania formelt nøytrale gjennom heile krigen. Kjelde: Nynorsk Wikipedia
Noreg under andre verdskrigen
Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon
annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde krigshandlingar og okkupasjon,
med totalitært styre og motstandsrørsle. Krigsåra var
prega av mangel på mat, utstyr og informasjon, med sensurerte nyhende
og kulturliv. Mange måtte velja side – skulle dei risikera livet
og jobbe mot okkupasjonsmakta, eller samarbeida med okkupasjonsmakta og
bli sett på som landssvikarar? Krigen førte til auka norsk
samhald og nasjonalkjensle, men òg hat mot «overløparane»
som etter krigen førte til harde straffer, både juridisk og
uoffisielt. Kjelde: Nynorsk
Wikipedia |