Boomerang - eit effektivt våpen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.10.2003
Foto: Scandion.
Myten om boomerangen fortel at våpenet alltid kjem
tilbake til kastaren, men det kan være ei sanning med modifikasjonar.
For sjølvsagt gjeld det ikkje om den treff målet.
Boomerangen er kjent frå Australia der den vart
brukt av aboriginer som jakt- eller krigsvåpen. Den har også
vore i bruk mange andre stader på kloden. Den er kjent av Pueblo-indianarane
i USA, i New England (ein del av øygruppa Melanesia), Celebes, og
i Sør-India og Gujarat i Nord-India. Vidare i Mongolia, det østlege
Sahara, i traktene rundt øvre Nilen og nokre av Zaires bielvar.
På slutten av istida for ca 10000 år sidan
finn ein boomerangen på bilder frå Nord-Afrika. Dei neste bilda
ein har funne er av langt nyare dato, ca 1425 år f. Kr. I denne perioden
finn ein boomerangen på eit veggmaleri i Amos tempel ved Theben.
På maleriet vert den brukt til fuglejakt.
Boomerangen har ei flat og ei konveks side, og kan variere
i lengde frå ca. 30 til 100 centimeter. Den har ei bogeforma eller
sirkulær kastebane.
Dei små boomerangane vender tilbake til kastaren.
Andre større typar, som bl.a. vert brukt til jakt, returnerer ikkje. |