Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Australia
 

   

    
Australias gull-rush
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.01.2005

Historia kan fortelje oss at ein landsens smed som heitte E. H. Hargraves i 1851 gjorde det første sensasjonelle gullfunn i nærleiken av Bathurst i New South Wales, Australia. 

Meldingar om eventyrlege gullfunn, store klumpar, "nuggets" som dei vart kalla, gjorde eigarane til menn med formue. Snart flaug rykte om gullfunn over heile verda. Frå alle kantar av jorda strøymde folk til for å prøve lykka. 

Skip som kom til Australske hamner kunne bli liggjande i lang tid. Mannskapet rømde for å leite etter gull. I 1853 låg fleire hundre skip på hamna i Melbourne utan mannskap. 

Då det første gull-rush tok til vart Sydney og Melbourn, som den gang var forholdsvis små byar, så godt som folketomme. 
Men på berre ti år, i dei beste gull-åra 1851 - 1861, blei folketalet i Australia tredobla, og nådde 1 253 000 menneske. 

På 1880-talet vart det rike gullfjellet Mount Morgan i Queensland kjent, og lovande funn i 1890-åra førde gullgravarane dit, til feltet "The golden mile" ved Kalgoorlie. 

Den største gullklump "Welcome stranger", som vog heile 71 kilo, vart funnen i 1869. 

Kva har gullet gjort for Australia ? 
Verdas merksemd vart retta mot den unge verdsdelen, og britisk kapital tok til å interessere seg for å nytte sjansen. Mykje av gullet vart nok ødsla vekk i sus og dus, men det meste kom landet til gode i form av innanlandsk kapital, plassert i varige og lønnsomme foretak, ny industri og landeigedomar. 

Straumen av gullgravarar som velta ut i den tørre, ugjestmilde "bushen", lokka av gullet sin tryllemakt, lærte landet å kjenne. Som "the squatters" med sauedrifter, vart dei banebrytarar under erobringa og koloniseringa av det indre av landet. 

Gullgravartida med spenning og romantikk er for lengst forbi i Australia. Den leiande rolle som gullprodusent vart etterkvart overteken av andre. I første rekkje Sør-Afrika, som i 1944 produserte 348 tonn. Same år fann ein i Australia 18,6 tonn - noko som på den tida også var ein bra produksjon. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal