Panamakanalen - eit meisterverk
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.05.2003
Panamakanalen er ei oppleving utanom det vanlege.
Den åtte timar lange reisa gjennom den 84 kilometer
lange kanalen er ei reise gjennom eit av vår tids største
meisterverk.
Panamakanalen, gjennom Panamaeidet, forbind Atlanterhavet
(Karibiske hav) med Stillehavet. Kanalen går mellom byane Colón
og Ciudad de Panamá. Samla lengde er 84 km, på det høgaste
er vannstanden 26 m.o.h., minste djupne er 13 meter.
Tre sluser på atlanterhavssida og tre på
stillehavssida utjevnar skilnaden. Kanalen forkortar sjøvegen mellom
New York og San Francisco med ca. 19.000 km, og passeringstida i sjølve
kanalen er 8 timar.
HISTORIE
I 1850 fatta USA og Storbritannia den såkalla Clayton-Bulver-avtalen
om å byggje ein kanal gjennom Panamaeidet.
Kanalen vart teikna og påbegynt av Ferdinand de
Lesseps i 1879 . Lesseps hadde tidlegere bygd Suezkanalen.
Arbeidet med kanalen vart starta i 1891 av eit fransk
selskap, men enda med eit økonomisk samanbrot i 1889. Då var
fleire tusen arbeidarar døde av tropesjukdomar.
Amerikanarane tok over prosjektet i 1902, men arbeidet
kom ikkje i gang att før i 1907, då den nye staten Panama
hadde gjeve USA retten til å byggje og administrere kanalen.
For $10 millioner i gull vart USA og Panama einige om
ein avtale. Det vart oppretta ein nøytral kanalsone og arbeidet
gjekk til eit amerikansk selskap.
Kanalen vart så bygd som ein slusekanal med to kunstige
sjøar, Gatún-sjøen og Miraflores-sjøen.
I løpet av dei siste sju åra av prosjektet
vart det fjerna 140.000.000 kubikkmeter masse i tillegg til dei 20 millionar
som franskmennene hadde fjerna. Ein konstruerte og bygde noko av det mest
solide og komplekse utstyr nokonsinne til betjening av sluser, og kraftige
lokomotiv trekkjer skipa gjennom slusene.
43000 mann var på det meste med i arbeidet på
kanalen.
Det første skipet som segla gjennom kanalen 15.
august 1914 var S/S Ancon. Men så kom eit jordskred som stoppa for
vidare trafikk i mange år. 12. juli 1920 kunne likevel president
Woodrow Wilson innvie den 84 km lange vannvegen. I dag verdas mest traffikerte
kanal.
Dermed var den lange og farefulle ferda rundt Kapp Horn,
som kunne strekkje seg over måneder for eit seglskip, redusert til
8-9 timer.
I gjennomsnitt passerar 36-38 båter gjennom kanalen
kvar dag. Skipa blir heva 25 meter over havet når dei kryssar kanalen.
Det går med omtrent 200 millionar liter ferskvann
for å få kvart skip gjennom kanalen. Rundt 9500 mennesker jobbar
ved Panamakanalen.
Det er berre 64 kilometer mellom Atlanterhavs- og Stillehavskysten
i Panama, men meisterverka til dei oppfinnsomme skaparane er synlege langs
heile kanalen som består av både innsjøar og sluser.
Dette er garantert ei reise du aldri vil gløyme!
Tidleg på 1970-talet reiste webredaktøren
gjennom Panamakanalen som ung motormann ombord på Bergenske sitt
cruiseskip "Royal Viking Star".
Geografi
Panama bind Sør- og Mellomamerika saman, grenser
til Colombia og Costa Rica og har det Karibiske hav på den eine sida
og Stillehavet på den andre. Landskapet er rikt på fjell og
krydra med store områder med lågland og elvar.
Lokalt namn : Panama (República de Panama)
Statsform : Republikk
Hovudstad : Panama City (766.405)
Språk : Spansk (offisielt), engelsk og ei rekkje
indianske språk.
Største religion : Romersk katolsk
Innbyggarar : 2.719.000 (1997)
Valuta : Balboa = 100 cent
Nasjonaldag : 3. november (Sjølvstendig i 1903) |