Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Byggverk
 

   

    
Pyramidar - eit symbol på makt
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.02.2005

Pyramidane er meir enn noko anna eit symbol på den makt dei egyptiske kongane hadde i svunne dagar. Dei står der urokkelege og ruvar i notida, som forsteina oldtid.  Dei er alle saman vorte plyndra, og den største og mest berømte av dei alle, Cheopspyramiden, har vore utsett for sprenging og har vore brukt som steinbrot for nybygg i Kairo. 


Trinnpyramiden ved Sakkara. 

Første pyramiden 
Den første som bygde ein pyramide, var kong Zoser, 3. dynasti, omkring 2900 f. Kr. Det var Trinnpyramiden ved Sakkara. Ved å studere denne pyramiden, kan ein sjå korleis pyramidane har utvikla seg. 

Pyramidar vart bygd så lenge Ra var riksgud - i dei periodar ein kallar Det gamle rike og i mellomsrikstida. Seinare, i stormaktstida, vart det ikkje bygd pyramidar. Egypt hadde då fått ein annan riksgud, Amon, og han vart ikkje symbolisert med pyramiden. 

Dessutan var det meir om å gjere for kongane å sikre gravfreden, og det meinte dei å gjere med å gøyme mumiane bort i dei veldige klippegravene i Kongenes dal ved Luxor. 

Pyramidetida varer frå ca. 2900 til ca. 1700-1600 f. Kr. På slutten av faraotida bygde dei nubiske kongane pyramidar i Nubia. 


Pyramidane ved Giseh 

Kvifor vart pyramidane bygd ? 
Pyramidane er kongegraver, og egyptarane tenkte seg at den døde kongen levde vidare i pyramiden. Egyptarane trudde fullt og fast på eit liv etter døden, eit liv dei mente kunne halde fram på same måte som det jordiske liv. 
Kongane var gudar. Vi veit ikkje noko bestemt om kvifor kongane bygde sine graver som pyramider. Høgst sannsynleg ville dei imponere. Til alle tider skulle pyramidane forkynne faraos evige velde. 

Faraoane er borte. Mumiane er blitt øydelagt av likrøvarar. Palassa deira er borte, og pyramidebyggarane veit vi lite om. Men pyramidane vil stå til alle tider som evige monument over desse kongane som eingong var så mektige.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal