Triumfbuen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.07.2006
Triumfbuen er eit monument på Place Charles de Gaulle i Paris,
ved enden av Champs-Élysées.
Bygningen vart påbegynt i 1806 under Napoleon som eit monument for
å feire keiseren sjølv og den franske armeen, men vart ikkje
gjort ferdig før under Louis-Philippe i 1836. Innvendig har buen
inngravert namna på franske generalar og slagstader. Bygningen er
50 meter høg og 45 meter brei.
Bygningen utvendig er dominert av dekoren av relieffet
La Marseillaise av François Rude. Under Triumfbuen vart den ukjente
soldat frå den første verdskrig gravlagt, og det brenn ein
evig flamme over grava.
Frå plassen strålar mange av Paris sine mest
berømte avenyar og bulevarder stjerneforma ut i alle retningar;
Champs Elysées (i retning Concordeplassen), Avenue de la grande
rmée, Avenue de Wagram, Avenue Kléber o.a.
Den årlege militærparaden på 14. juli
startar ved Triumfbuen og går ned Champs-Élysées.
Triumfbuen. Foto: Wikipedia.
Kjelder:
Familiboka (1952)
wikipedia.org |