"Nusse"
- første datamaskina
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 31.01.2004
I 1950 blei den første norskbygde datamaskina planlagt
av Sentralinstituttet for industriell forskning (SI). "NUSSE" - er i dag
bevart i Norsk Teknisk Museum i Oslo.
Sivilingeniør Thomas Hysing, som hadde studert
datamaskiner i England og USA, blei tilsett som prosjektleiar.
Datamaskina var bygd opp med elektronrør som aktive
komponentar og var ei universiell siffermaskin med elektronisk sjølvstyring.
Reknehastigheita var ca. 500 addisjonar per sekund, og maskina var i praktisk
bruk frå 1955 til 1963. Den blei då erstatta med meir moderne
maskiner.
Sivilingenør Thomas Hysing fekk i 1972 NTNFs ærespris
for sitt framragande forskningsarbeid under utviklinga av denne datamaskina.
--------------------------------------------------------------------------------------------
Krøllalfa
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.06.2006
@
eller krøllalfa er eit teikn, som mellom anna vert brukt mykje i
e-postsamanheng. I 1971 fann Ray Tomlinson på å sende e-post
mellom to datamaskiner på Arpanet og skulle då velje ein måte
å skrive e-postadressa på.
Tomlinson hadde bruk for eit teikn til å skilje
personnamnet frå datamaskina (eller staden) sitt namn. Eit teikn,
som ikkje var i eit personnamn, firma eller stadsnamn, men som finst på
eit normalt tastatur.
På amerikansk vert @ uttala som «at»,
altså ved, på eller hos. E-post-adressa bill@example.com tyder
med andre ord «Bill hjå Example».
I eit anna tidleg datasystem vart @ brukt til å
lage linjeskift, sidan teiknet ikkje vart brukt som eit normalt teikn.
Henta frå Nynorsk
Wikipedia |