Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

   

    
Arktis - ikkje for pingvinar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 17.10.2003

Dei aller flest av dei 17 pingvinartane finst på dei aller sørlegaste breddegrader, enten på sjølve det antarktiske kontinent eller på øyane i det sørlege Stillehav og Antlanterhavet rundt Antarktis. 

Nokre få artar finn ein likevel så langt nord som til Australia, Sør-Afrika og Sør-Amerika, og ein enkelt art ynglar heilt opp i nærleiken av ekvator, nemleg Galapagos-pingvinen. 

Pingvinane er sterkt spesialisert for livet i vatnet. Så spesialiserte at dei gjennom tidene har slutta å flyge. Vengene deira er omforma til luffar som fungerar som eit effektivt framkomstmiddel når dei sym under vatn, men er heilt ubrukelege til å flyge med. 
Pingvinane har utvikla seg i dei kalde klimasonane på den sørlege halvkule. Sidan dei ikkje har venger til å komme seg vekk derifrå, har dei aldri greidd å spreie seg til den nordlege halvkula. 

Sjølv om pingvinane vart frakta hit opp med fly eller båt, er det tvilsomt om dei ville kunne klare seg. 

I nord har vi nemleg fuglegrupper med same rolla i naturen som pingvinen i sør : Alken og dei nært beslekta fugleartane lomvi og teist. 

Den mest pingvinliknande fuglen vi har hatt på den nordlege halvkula var den kjempestore geirfuglen som heller ikkje kunne flyge. 
Geirfuglen var eit lett bytte for kvalfangarane og dei andre sjøfararane som på 1600- og 1700-talet segla overalt i nordlege farvatn. Dei slakta ganske enkelt ned dei verjelause fuglane på yngleplassane deira. Den siste geirfuglen vart teken livet av i 1844 på ein holme på Island. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal