Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

   

        
Blekksprut
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.04.2005

Ute i havet lever ulike slags blekksprut. På større djup sym den tiarma blekkspruten og den snegleliknande perlebåten. På grunnare vatn kravlar den åttearma blekkspruten på botn og leitar etter mat blant steinar og sprekker. 

I Noreg er det fleire artar blekksprut. Dei to mest vanlige, sepia og akkar høyrer begge til i overorden Decapodiformes (tiarma blekksprut). Akkar eller "sprut" opptrer i store stimar langs kysten og vert nytta som agn på torskefeltet. I dei seinare åra har den også vore lansert som menneskemat. 

År med stort innsig og fangst av akkar var 1958, 1965, 1981, 1982 og 1983. I 1982-1983 vart det fiska 17-18000 tonn til verdi av opptil 40 millionar kroner I 1982 vart akkar fiska heilt sør til Vest-Agder. Frå 1972 til 1976 vart det ikkje fiska akkar. 
I perioden 1994-2000 vart det fiska 190 tonn i 1997 og 350 tonn i 1995, dei andre av desse åra vart det ikkje fiska akkar. 

Blomstringstid 
I jordas oldtid, i kamblium, for 4-500 millionar år sidan, var det ei primitiv, men rik dyreverd som høyrde heime i havet. I silurtida opplevde blautdyra, og då særleg blekksprutane, si blomstringstid. Då danna Nautiloidene, forfedrane til våre dagars blekksprutar, ei viktig gruppe i dyreverda. Ingen høgare virveldyr var utvikla på den tida. 

Ein av etterkommarane, den snegleliknande perlebåten, manglar blekksekk. Det er denne utrustninga som har gitt blekkspruten namn. Når dyret føler seg trua tømmer det ei brunsvart væske i vatnet som eit røykteppe mellom seg og fienden. 

Perlebåten sitt fargerike snegleaktige skall er inndelt i gassfylte kammer, som gjer det lettflytande. Dyret kan difor stige raskt opp frå havbotn til overflata. Kroppen fyller berre det ytterste kammer i skallet. 

Blekksprutane er dei mest avansert utvikla blautdyra og har eit komplekst nervesystem, og velutvikla sanseorgan. Forsøk har vist at blekkspruten overgår alle andre virvellause dyr når det gjeld psykiske prestasjonar, læring og tilpasning. Om ein ser bort frå perlebåten, manglar notidas blekksprutar skall, eller det er redusert til eit indre skall slik som hos alle artar som ein finn langs norskekysten. 

Blekkspruten sine musklar i kappen og tentaklene er god mat, og vert av mange sett på som ein delikatesse. Fangarmane vert mørbanka og kokt og etterpå oppdelt i tynne skiver. Dei vert servert kalde med salat, sylta, eller kokt i sausen frå sitt eige blekk. I Italia vert dei små blekksprutane, som vert kalla calamaretti, stekt i olivenolje og servert heile. 

Meistar i kamuflasje 
Blekkspruten er ein meistar i kamuflasje og forkledning. Den kan etterlikne utsjånad til giftige sjødyr og sjøbotnen under seg. Enkelte artar kan til og med kommunisere ved hjelp av hudfargen. 

Skinnet til blekksprutane har nemlig haugevis av bittesmå pigmentsekkar med ulike fargar i. Kvar sekk er festa til ein liten muskel, og når den vert stramma veks sekken og blir ganske stor. Dermed endrar huda farge. 

Når muskelen slapper av blir sekken liten, og hudfargen ser ut til å bli borte. På denne måten vert blekksprutane meistrar i kamuflasje, og kan være velkledd til einkvar korall. 

Blekkspruten er eit rovdyr som fangar byttet med bøyelege, sugeskålkledde armar. Blir den skremt ved synet av ein fiende, vert den bleik akkurat som vi bleiknar av skrekk. For å unngå fiendar jaktar blekkspruten om natta og er heile tida oppteken med å skaffe seg mat. Fiskar sym som regel for fort, så det vert mest krabbe og andre skalldyr som den tilberedar med det skarpe nebbet. Kjempeblekkspruten, med opptil 10 meter lange armar, er ein verdig motstandar for kvalen. Desse kolossale blautdyra er verdas største virvellause dyr. 

Ingen av havets skapningar har vel vore så frykta, og er blitt så misforstått og rakka ned på som blekkspruten. Den har ein underleg og litt uhyggeleg utsjånad med lange bevegelege fangarmar omkring eit tydeleg avgrensa hovud. Den har dei best utvikla augene av alle virvellause dyr med blant anna hornhinne, linse og netthinne. I eldre litteratur finn ein fantasifulle beretningar om blekkspruten sine uhyggelege gjerningar. Eit sjokkerande "menneskeleg" blikk i dei store augene kan ha ført til ei seigliva oppfatning av at blekkspruten har ein ondskapsfull natur. 

I verklegheita er dei fleste blekksprutar ganske små og ufarlige dyr. Den er eit forskremt vesen, redd for alt som er større enn seg sjølv. Fiendar som er sterkare er mange, blant andre Middelhavets frykta ål, murenen - og større fiskar, tannkvalar (særleg spermkvalen) og ikkje minst menneska, som fangar blekksprut for å utnytte kjøtt og blekk. 

Dei færraste av blekksprutane blir meir enn ein meter i tverrmål. Mange er så små at dei fullt utvaksne får plass på ei negl. I Middelhavet der blekksprutane er svært alminnelege, er det nokre få artar med over to meter lange fangarmar. Berre på dei store havdjupa lever det etter forskarane si meining verkelege kjempeblekksprutar. Sagn fortel at det i magen på ein kval vart funne fangarmar på femten meter - noko som vil gje dyret eit tverrmål på 33 meter. 

Eit anna eventyr om blekkspruten gjeld den utrulege farten dei skal kunne ha gjennom vatnet. I eit knipetak kan det nok gå ganske fort, men vanlegvis er dei alt anna enn raske. Under symjing fyller dei først kappehola med vatn for så å presse det ut gjennom "trakta", som er retta framover. Reaksjonstrykket fører dyret baklengs gjennom sjøen. Kvart støt fører det berre to-tre meter av stad, og særleg fort går det ikkje. 

Notidas blekksprutar er av to typar, fire og togjella. Perlebåten er den einaste levande firegjella formen. Den åttearma og den tiarma blekkspruten er ulike av ytre, men begge er togjella. 

Blekkspruten er svært fruktbar. Nokre artar legg 40-50 000 perlekvite egg, ikkje større enn eit halvt risengryn, som heng i lange kjedar på steinar og svaberg. Mødrene passar på dei, sprøytar vatn over dei for å halde dei reine og beskyttar dei mot fiendar. 

Monster-blekksprut på stranda 
I juli 2002 dreiv ein kjempe-blekksprut i land og vart funnen død på ei strand i Hobart, Tasmania. Den sjeldne blekkspruten vog meir enn 250 kilo og var nærare 16 meter lang. Blekksprutar som denne lever ofte 500 meter under havoverflata. Ikkje lett å fange, altså. Og menneskemat er den heller ikkje. Dyret har svært høg konsentrasjon av amoniakk. 

Slike kjempe-blekksprutar er så sjeldne at ingen nokon sinne har sett eit levende eksemplar av arten. Forskarane sin kunnskap er basert på andre døde dyr som er fanga i fiskegarn eller som er skylt i land. Restar er også funne i magen på spermkval. Spermkvalen er nemlig eit av dei få dyra som kan hamle opp med gigantblekkspruten. 

Funn av akkurat denne blekkspruten har gjort forskarane spesielt nysgjerrige. Den venta nemlig barn. Det kan bety at kjempe-blekkspruten formerar seg i farvatnet rundt der den vart funnen. Ein del andre, spesielle artar gjer nemlig det. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal