Delfin - "havets cowboy"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.07.2003
Foto: Scandion
Når ein skal fortelje om delfinen, er det heile tida
bruk for superlativ. Den er ikkje ein fisk, men eit pattedyr med lunger,
ein såkalla tannkval, populært kalla "havets cowboy".
Delfiner, (Delphinidae) høyrer til familien av
tannkval, artar som er mellom 1,5 - 10 meter lange, og som finst i alle
hav. Til delfinane høyrer bl.a. vanlig delfin, spekkhoggar, grindkval,
kvitnos, kvitskjeving og tumler. Spekkhoggaren, som er størst, kan
verte opptil 8 meter og 5 tonn. Delfinen sym utruleg fort, kan drepe haier,
kommunisere med sine artsfrendar og opptre som hamnelos.
Foto: Scandion
Eit nytt liv
Ein delfinfødsel kan vare opptil ein halv time.
Den meterlange ungen kjem til syne med halen først, ellers ville
den drukne. Mora gjer ein brå kroppsbevegelse for å rive over
navlestrengen og befri ungen - som straks sym opp til overflata og pustar
djupt inn - for så å vende tilbake til mora. Delfinen kan sjå
med det same den er født. Augene sit like bak munnen og kan sjå
både på nært hald og på lang avstand, akkurat som
våre.
Hørselen er usedvanlig skarp, og det indre øyra
er bevegelig. Den kjenner moras røyst og kan sjølv snakke
med pipande og gryntande lydar.
Reservemamma
Like etter fødselen er det vanlig at ein annan
vaksen ho-delfin dukkar opp. Det er "reservemamma" - som hjelper til med
å
oppdra ungen og halde haier unna.
Om ein hai går til angrep, utstøyter mora
og hjelparen nokre forte fløytetonar for å tilkalle hjelp,
samtidig som dei kretsar rundt haien, for plutselig å stange snutane
inn i kroppen på den så gjellene vert øydelagde.
Delfinungen får mjølk frå to spenar
som sit i fordjupningar like ved halen til mora. Mora trekkjer underlivsmusklane
saman og sprøyter mjølka inn i munnen til ungen. Som nyfødt
manglar delfinen tenner. Den første dukkar opp nokre veker seinare,
og i alt kjem det 44 i kvar kjeve. Ungen får mjølk frå
mora i nesten halvtanna år, men begynner så smått å
gomle små blekksprutar frå den er seks månader. Delfinen
pustar gjennom eit enkelt nasebor oppe på hovudet, eit halvmåneforma
sprøytehol som lukkar seg når det kjem i berøring med
vatn. Delfinen manglar stemmeband så "stemma" kjem óg frå
dette holet, der kanten er like bevegelig som våre lepper.
Godt
utvikla sansar
Delfinen kan halde seg under vatn i mange minuttar før
den må opp for å puste. Den brukar lyd både til kommunikasjon
og til ekkolokalisering, og kan "sjå" utan å bruke augene.
Delfinen kan difor orientere seg under vatn for å finne mat sjølv
om det er mørkt. Den høyrer lydar frå 0,25 kHz til
220 kHz, og sender sjølv ut ein serie klikkande lydar. Frekvensen
og hastigheita på lyden kan endrast. Den lågfrekvente ganske
langsomme klikklyden blir brukt for å lokalisere objekt på
større avstand, medan raske høgfrekvente lydar vert brukt
på nært hald.
Hjernen til delfinen er faktisk større enn hos
eit menneske - og har like mange hjerneceller pr. kubikkcentimeter. Hjernen
er i det heile høgt utvikla, og hukommelsen er god. Mykje av hjernen
brukar den truleg til å arbeide med lydsignal. Delfinen kan bli opptil
tredve år gammal, og er i stadig bevegelse. Den treng lite søvn
og søv då med mesteparten av kroppen under vatn. Den lukkar
sjelden augene meir enn eit halvt minutt om gongen, høgst fem minutt.
Delfinane finst i alle havområder, og dei samlast
som regel i større eller mindre flokkar, av det eine kjønnet
eller ei blandning av hoer, hannar og ungar. Nokre artar held til i tropiske
og subtropiske farvatn, andre i tempererte og kaldare havområder.
Bodbringar og livreddar
Delfiner er svært selskaplege dyr, og hjelper kvarandre
både med jakt og når dei er sjuke. Dette samarbeidet er nødvendig
for att dei skal leve vidare.
Det finst mange historier om spesielle venskap mellom
menneske og delfinar. Delfinen har, blandt mange folkeslag og til alle
tider, hatt ein guddommeleg status.
Blandt den australske urbefolkninga er f.eks delfinen
bodbringar for gudane. I gresk - romersk mytologi og i kristen billedkunst
vert delfinen symbolisert som ein frelsar, og det har bakgrunn i historier
om korleis delfinar har hjelpt mange sjøfolk i naud.
Alle bilder er frå 2001 då Scandion besøkte
opplevelsesparken Sea World, Gold Coast, Australia
|