Kva ende av egget kjem først ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 31.10.2003
Heilt
sidan Aristoteles si tid har folk diskutert kva ende av egget som kjem
først: Den spisse eller den butte. Kor langt er vitenskapen kommen
med å oppklare dette ?
Ein reknar med at egget peikar med den spisse enden mot
utgangen i hønas underliv heilt til eit par timar før egget
vert lagt. Like før egglegginga roterar egget slik at det vert liggande
med den butte enden først, men ingen veit kvifor.
Når egget løsnar frå eggstokken, vert
det fanga opp av trakta på eggleiaren der egget vert befrukta. I
løpet av transporten vert plomma hylla inn i eggekvite som består
av fire lag. Den inneheld først og fremst salt, albumin og andre
proteinstoff. Plomma roterar medan den vert transportert gjennom eggleiaren.
Det er forklaringa på at ein finn ein snodd eggekvitestreng på
kvar side av plomma.
Like før egget skal ned i livmora, vert det omhylla
av ei tynn hinne - skalhinna. I løpet av dei 18-20 timane som egget
oppheld seg i hønas livmor, vert det pakka inn i sjølve skalet.
Det består for det aller meste av kalk (94% kalsiumkarbonat) og er
gjennomhola av porer.
På veg frå livmora og ut skjer så rotasjonen. |