Farvel til dei store kvalane ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.10.2003
Det er i dag berre små restar att av dei veldige kvalflokkane
som eingong boltra seg i havet. Nordkaperen, ein av dei som det har vore
jakta mest på, er i dag svært sjeldan og totalfreda.
Blar ein 1000 år attende i historia finn ein små
grupper av usedvanleg dristige menn som drog ut frå den franske og
spanske kysten ved Biscayabukta for å drive jakt på dei mektigaste
skapningane menneska nokonsinne har utfordra.
Menneska hadde kjennskap til dei varmblodige havdyra sin
eksistens. Av og til vart dei merkverdige skapningane, som pusta med lunger
og inneheld svære mengder kjøtt og spekk skylt i land på
strendene.
Den kvalarten det dreia seg om, var den sokalla nordkaperen
( Eubalaena glacialis), ein bardekval i familien rettkvaler. Dei hardføre,
baskiske sjøfolka forfølgde nordkaperane, lærde seg
å drepe og partere dei og la grunnlaget for ei verksemd som skulle
komme til å skape historie. Så lenge eventyret varte, vart
det skapt enorme formuar - og drept millionar av dei store kvalane.
Nordkaperen har ei lengde på mellom 14-18 meter,
og hovudet utgjer ca 1/4 av kroppslengda. Den har svart kroppsfarge, med
enkelte kvite flekkar på buksida. Held for det meste til i det nordlege
Atlanterhav, der den kan samlast i flokkar på ca. 100 dyr. Tidligare
var Nordkaperen vanlig langs norskekysten, men er no svært sjeldan
og totalfreda. Namnet er av nederlandsk noordkaper, etter Nordkapp, der
den først vart fanga.
I dag er vi vitne til siste akt i kvalfangstens veldige
drama. Dei store kvalflokkane som eingong var i verdshava er ein saga blott.
Kvalane er nokre eineståande skapningar. Dersom
dei vert utrydda, vil det ikkje berre bety eit uoppretteleg tap for vår
sivilisasjon, men kanskje også eit forvarsel om vår eigen undergang.
Ein vesentleg del av oksygenet i atmosfæren vert produsert i det
kompliserte økosystemet som verdshava sine planktonorganismer dannar,
og ein uvurderleg faktor i reguleringa av dette systemet var dei hundretusener
av bardekvalar som tidlegare farta omkring i alle hav. |