Flått - ein blodsugar
Forfatter: lommelegen.no
Publiseringsdato: 21.07.2003
Flått (skogbjørn, hantikk, tege, skogmann,
påte) kan feste seg til huda hos menneske og dyr. Medan den syg blod,
kan den - dersom den sjølv er smitta - smitte deg med bakterien
Borrelia burgdorferi.
Slik ser flåtten
ut:
(sjå bilde) Kroppen er flattrykt og oval med ryggskjold.
Lengda er 1-10 millimeter, avhengig av kor mykje blod den har fått
i seg.
Flåtten sit fast på huda og kjennest som ein
liten klump. Den kan feste seg overalt på kroppen vår, men
likar stader med tynn hud, for eksempel armhola, låra og skrittet.
|