Kvifor flyg fuglar i V-formasjon ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 14.10.2003
Det hender ofte ein ser at trekkfuglar flyg i store V-formasjonar.
Er det for at dei skal sjå betre, eller har dei ein eller annan form
for hierarkisk flygeorden, eller....
Det er berre store fuglar som f.eks gås, svane,
trane, skarv m fl. som for alvor nyttar seg av formasjonsflyging. Som regel
er dette aktuelt når dei legg ut på lange strekningar.
Grunnen til at dei vel ein V-formasjon er at dei då
sparer mykje krefter. Det heng saman med dei spesielle aerodynamiske trykkforhold
som oppstår i nærleiken av ein flygande fugl. Like under, over,
og bak fuglen vert det danna luftstraumar som går nedover. Derfor
er det ikkje særleg gunstig for ein fugl å være der i
forhold til naboen i trekkflokken. Den måtte då bruke mykje
meir energi for å halde seg oppe.
For fuglane i lufta gjeld altså ikkje det same forhold
som for bilar på vegane. Bak ein bil i fart oppstår nemleg
eit kraftig luftsug.
For ein fugl er det mykje betre å ta plass utanfor
vengespissen til fuglen framfor. Der, og på skrå bakover er
det ein luftstraum som går oppover.
For småfuglar går berre ein liten del av energien
med til å halde seg oppe. Utbytte av å flyge i formasjon for
dei vil være minimal. |